Høg prisklasseSå vart det vanskeleg. Ja, eg tenkjer på løysinga me skulle fram til i dag. Ei god stund såg det faktisk ut til at det kunne verte ny verdsrekord i stutt namneliste her i bokhjørnet. Fyrst torsdag losna det, og deretter kom det eit lite skred

Publisert

Så vart det vanskeleg. Ja, eg tenkjer på løysinga me skulle fram til i dag. Ei god stund såg det faktisk ut til at det kunne verte ny verdsrekord i stutt namneliste her i bokhjørnet. Fyrst torsdag losna det, og deretter kom det eit lite skred med rette svar. At nokon har snakka saman på slutten av veka, treng ein ikkje vere Sherlock Holmes for å rekne ut. Men det er det jo slett ikkje noko gale med. Sant å seie oppmodar eg folk til å snakke meir om litteratur og mindre om mykje anna.

Når eg skreiv «verdsrekord» i førre avsnittet, var det sjølvsagt med tanke på tida boklækjaren har vore redaktør for spalta her. Eg skal ikkje gjere meg klok på kvifor det kvar veke strøymer inn med svar til oss her i bokstova, men at begeistringa for litteratur er stor hjå mange lesarar av Dag og Tid, nyttar det ikkje å vri seg unna. Kva skulle forresten poenget vere med det?

No passa det fint at det var nett i dag namnelista kom ned på berre 27 innsendarar. I veka som kjem, skal eg forhandla løn med bladstyraren, og som dei faste lesarane veit, finst det i redaksjonen ein slags vyrdsam vanvyrdnad når det vert for mange innsendarar som finn fram til løysinga. Kan hende vert spalta i dag utslagsgjevande i boklækjarens favør. Håpet er det siste som døyr.

Sjølv stødige Laurits Killingbergtrø sleit med å finne løysinga denne gongen. Han skriv: «Eg satsa litt feil da eg gjekk ut frå tipsa frå boklækjaren. Eg gav meg til å kombinere alle forfattarar som var fødde i ymse hundens år, med bøker som kom ut i 2016 og omsette bøker til norsk i 2018. Etter mange timars bal var eg like blank. Men så las eg vidare at ’boklækjaren set stor pris på denne boka’. Ja vel, ja, så boka har fått ein pris; da blir det heile meir velkjent. I 2018 fekk den islandske forfattaren Audur Ava Ólafsdóttir Nordisk råds litteraturpris for romanen med den stutte tittelen Ör. I grunngjevinga frå juryen heiter det mellom anna at ’boka er full av underfundig humor og eit språk som gneistrar av liv, samtidig som ho stiller djupe spørsmål om liv og død’. Mellom meldarar og lesarar i Noreg har boka fått mesta samstemt positiv omtale. Boka kom ut i 2016. Den norske omsetjinga frå 2018 av Tone Myklebost har tittelen Arr

Randi Brenden skriv: «Dette utdraget vekte attkjenning i meg: Desse linjene har eg faktisk lese, og tydeligvis for ikkje så lenge sidan heller. Men kor??? Stikkordet ’hundens år’ fekk meg til å tenke på Kina, men det vart ikkje riktig likevel: Boka eg hadde i tankane, er eldre enn frå 2018/2016. Eg var innom fleire vinnarar av Nordisk råds litteraturpris, utan å finne noen som vart født i hundens år. Endelig slo det meg (da eg såg gjennom historikken min i mappa mi på biblioteket, må eg vedgå): Forfattaren er ein heilt ny prisvinnar, og om fødselsdatoen hennes fell innafor det kinesiske hundens år, får eg ikkje enkelt stadfest ved hjelp av Google, for her er bare fødselsåret oppgitt, ikkje datoen. Men Medikus Libri veit vel kva han gjer, og i alle fall stemmer sitatet med det som står øvst på side 196. Svaret er altså Audur Ava Ólafsdóttir: Arr»

Ja, Randi Brenden, eg trur eg har mitt på det tørre når det kjem til hundens år. I 1958 byrja hundens år den 18. februar og vara til den 7. februar, 1959. Eg fann heller ikkje fødselsdatoen til forfattaren, men eg fekk ein islandsk ven til å undersøkje saka, og Helgi hevdar at Audur Ólafsdóttir er fødd heilt i slutten av april 1958. Sidan Helgi er islending, fell det naturleg å ta påstanden for god fisk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement