Herr HerbjørnsrudDagane her i bokstova har i det minste éin ting felles med dagane andre stader der det vert utført eit nokolunde stykke arbeid: Somme dagar er betre enn andre dagar. Sist sundag er eit døme på ein slik fin dag.

Publisert

Dagane her i bokstova har i det minste éin ting felles med dagane andre stader der det vert utført eit nokolunde stykke arbeid: Somme dagar er betre enn andre dagar. Sist sundag er eit døme på ein slik fin dag.

I oppgåve 1352 hadde eg med eit tilleggsspørsmål om ein dato i løysingsboka som i røynda ikkje var korrekt. Mange oppgåveløysarar spekulerte i om dette var noko forfattaren hadde gjort med vilje. Éin slik teori fekk eg frå Torleiv Kløve, som skriv: «Kanskje det er eit poeng at når det står i novella at 19. mai 1988 var fredag, og ikkje torsdag, som det var i røynda, så skal det illustrera at dikting er dikting.» Hypotesen er slett ikkje dårleg, men eg fann ikkje heilt ro i sjela med forklaringa. Så var det eg hugsa hintet i oppgåva: «Gå til kjeldene for å finne løysinga.» Som skrive, så gjort.

Eg slo nummeret til Hans Herbjørnsrud, presenterte meg og bad audmjukt om å få eit par minutt til å løyse denne gåta. Herr Herbjørnsrud er ein særs venleg og imøtekommande mann, og det vart ei veldig triveleg samrøde. Det viste seg at Hans abonnerer på, og er svært nøgd med, Dag og Tid. Dessutan kjente han godt til Klok på bok-spalta og var imponert over kor mange flinke bok-klokingar det finst i lesarkrinsen. Vidare kunne forfattaren fortelje at det slett ikkje var meininga at det skulle vere feil dato i novella: «Eg driv ikkje med slikt.» Handlinga i novella «Grenseløst» gjekk føre seg ein fredag, det var Herbjørnsrud sikker på, og i framtidige opplag kjem datoen til å bli retta.

Eg lyt ta med ein takk til Hans Herbjørnsrud for ei godlynt og interessant samtale. Ho vart vesentleg lengre enn eit par minutt, men så var ho òg vekas høgdepunkt for boklækjaren. Om forfattarskapen til Herbjørnsrud vil eg seie meg samd med Olav Molven når han skriv: «Novellist i øvste norske divisjon.»

Så til sjølve løysinga på oppgåve 1352. Laurits Killingbergtrø skriv: «Sitatet denne gongen er henta frå novellesamlinga Brønnene av Hans Herbjørnsrud frå 2006. Det står i den lett morosame novella ’Grenseløst’. Her får lesaren ein liten dåm av det (visstnok) særnorske fenomenet grensekrangel. No ja, forfattaren vår har mykje skuld i at det i det heile vart strid om dette skogstykket der borti Heddal. I den tidlegare novellesamlinga Han (1987) kom han til å ordleggje seg som om han ville ha grenseskilet ein annan stad enn det verkeleg var. Det oppdaga den boklærde og rettslærde grannen, og han ytra seg så sterkt som at forfattaren hadde røva to mål hogstmogen skog frå han. Grannen viste jamvel til korleis det går i Draumkvædet med slike som flytter merke, at dei må gå og bere på deildesteinar til æveleg tid. Her måtte det altså ny grensegang til, og han vart fastsett til fredag 19. mai klokka 10, og årstalet som er nemnt, er 1988. Det er her medikusen så glupt grip inn og finn ut at 19. mai 1988 fall på ein torsdag! Men sidan dei to grannane vart nokså forlikte etter den nye grensegangen, er det juridisk sett ikkje så blånøye om vekedagen var torsdag eller fredag. Og som forfattaren minner om i starten av novella: Det er ikkje sagt at alt er historisk rett i ei forteljing, sjølv om ho kan verke nokså autentisk. Diktarleg fridom, veit vi.»

Desse lukkast med brønnboring og fann rett svar på oppgåve 1352: Skeisebibliotekaren i LASK, Torleiv Kløve, Janneken Øverland, Ingvar Engen, Petter Kristensen, Per Skjæveland, Eli Winjum, Audun Gjengedal, Ragnhild Eggen, Eli Hegna, Odd Storsæter, Inger Anne Hammervoll, Tor Inge Myren, Turid Tirevold, Olav Holten, Pål Amdal, Gunnar Bæra, Ove Bjørkhaug, Laurits Killingbergtrø, Olav Larsen, Vigdis Hegna Myrvang, Rannveig Nordhagen, Per Trygve Karstensen, Olav Molven, Jorunn Røyset, Bjørn Myrvang, Folke Kjelleberg, Kjell Helge Moe, Ingebjørg Sogge, Marit Lindberg, Sjur Joakim Fretheim, Jan Alfred Sørensen, Eirik Holten, Torleik Stegane og Fritjof Lampe. Denne gongen er Audun Gjengedal bokvinnar. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement