Helvetesmaskin, ein nyttig ting?Her om dagen slo det meg at eg mangla ei helvetesmaskin. Eg har jo høyrt mykje om helvetesmaskiner, både positivt og negativt, for så vidt (men slik er det jo med dei fleste ting) og no kom det altså føre meg at ei slik kunn
Her om dagen slo det meg at eg mangla ei helvetesmaskin. Eg har jo høyrt mykje om helvetesmaskiner, både positivt og negativt, for så vidt (men slik er det jo med dei fleste ting) og no kom det altså føre meg at ei slik kunne vere fin å ha i heimen. Eg har mange ting, det er ikkje det (nemner i fleng diverse stålamper, akustisk piano med to pianokrakkar til, ein fullt brukbar flatskjerm, 20 ukulelar, flust med både god og halvgod målarkunst, tre porselensaper som lyser om natta, nokre hundre plastfigurar og eg kunne brukt fleire timar på å ramse opp), men ei helvetesmaskin hadde eg altså ikkje. Så eg sette ein annonse i ei papiravis: «Ønskjer å kjøpe helvetesmaskin, gjerne brukt og helst til ein god pris.» Og responsen var uventa god. Så god at eg no sit her med ikkje mindre enn sju helvetesmaskiner på arbeidsrommet, alle i relativt brukbar stand. Iallfall passerte alle den siste EU-kontrollen. I går kom det ein kar innom og spurde kva eg skulle bruke alle desse helvetesmaskinene til, og svaret var sjølvsagt at dei skal brukast til å lage eit sant helvete.
Påskemysteriet
Det er neppe berre eg som har tenkt på dette med jul og påske, våre mest framståande høgtider. Kvifor er det slik at jula kjem på ein bestemt dato (24. desember, for dei som har litt problem med minnet), mens påska kjem heilt bardus og nesten på kva tid som helst i løpet av månadane mars og april, avhengig av månefasar og folk som produserer kalendrar. Det verkar ikkje rettferdig, og det kjennest rett og slett litt slitsamt og svært forvirrande. Nokon må altså ein gong i tida ha bestemt at slik skal det vere. (Og det er vel kanskje frimurarane som står bak, her som i mangt anna.) Men om ein no skulle vere litt positiv og snu om på det: Kunne ikkje også jula ha komme til litt forskjellige tider? Avhengig av eitt eller anna? Då kunne vi sjå på kalenderen for det nye året og gledestrålande utbryte: «Jula kjem tidleg i år! Alt tjuesjuande november!» (Så kunne heller dei som er tradisjonsbundne og bakstreverske av seg, i tillegg feire si eiga private jul til vanleg tid.)
Nei, det var no berre eit forslag, og eg er slett ikkje sikker på om eg får noko gjennomslag for det, men eg tar det iallfall gjerne opp til votering.
Internettmørke
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.