HEITT ELLER KEITT 2018Som alltid ringjer vi inn det nye året med ein spådom. Men å spå er eigentleg ikkje det rette ordet, for dei siste åra har vi vorte så treffsikre at det er meir som ein fasit å rekne. Det kjem neppe som ei overrasking på Dag og Tid-le

Promobildet for serien «Næringshagen» kunne lett oppgraderast til å bli promobilde for serien «Alle mot 1».
Promobildet for serien «Næringshagen» kunne lett oppgraderast til å bli promobilde for serien «Alle mot 1».
Publisert

Som alltid ringjer vi inn det nye året med ein spådom. Men å spå er eigentleg ikkje det rette ordet, for dei siste åra har vi vorte så treffsikre at det er meir som ein fasit å rekne. Det kjem neppe som ei overrasking på Dag og Tid-lesarane som lever i tråd med og pustar i takt med Innsida sitt årlege hot or not-barometer. For 2017 spådde vi at Nora og William ville koma på namnetoppen, og at Ole Rolfsrud ville få tildelt sitt eige fjernsynsprogram. Ganske spesifikke spådommar, må vi få lov til å påpeike, som vart innfridde. På eitt lite punkt tok vi likevel feil når det gjaldt 2017 – sjølv dei mest klarsynte kan ta feil innimellom – vi predikerte at ankelsokkar kom til å bli ut. Men vi har observert at ein viss type personar enno bruker ankelsokkar sjølv om det er iskaldt ute, nemleg jenter i 20-årsalderen. Noko vi synest er heilt ufatteleg og ikkje tilrår at Dag og Tid-lesarane prøver.

Kortreiste reiser

I 2017 var det moderne å skryte av langhelga i Barcelona, sommarferien i Thailand og juleshoppinga i London. Men i år blir det in å reise kortast mogleg. Når ungane kjem attende på skulen etter sommaren, er det han som var på basar i nabobygda som blir den kulaste, medan familien som reiste til Syden blir hundsa.

Alle mot éin

I fjor skreiv vi dette om NRKs utegåande sjakkreporter Ole Rolfsrud: «Vi spår ein lysande karriere og tippar at han får sitt eige program i løpet av året. Kva med eit oppsøkjande, mobilt talkshow der han berre fer rundt og pratar med folk tilsette i næringshagar?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement