Håplaust spelmannslag

Publisert Sist oppdatert

Spalta du les no, er skriven i Italia, og sjølv om det tek mykje tid å halde auge med Middelhavet, vert det nok ei løysing med å lage ei oppgåve til dykk denne veka òg.

Det er ikkje berre havet i midten boklækjaren bruker tid på i Liguria. No og då spionerer eg på dei fastbuande og får med meg litt av det italienarane seier til kvarandre. Dei er ikkje kjende for å kviskre her i landet. Mykje av praten er om mat, og sjølv når det dreier seg om dei enklaste rettane, kan det vere vidt forskjellige meiningar om kva ingrediensar som skal til. Men alle saman veit at nett dei har den beste oppskrifta.

Slik går no dagane. Diverre går dei altfor fort. Lukkelegvis veit eg at når venene her seier arrivederci, så er det ei avskilshelsing med ynske om å møtast att.

Så til svaret på oppgåve 1490. Gunder Runde skriv: «’Langt ute i det kvikksølvlysende verdenshavet ligger et ensomt lite blyfarget land.’ Så poetisk opnar William Heinesen (1900–91) romanen De fortapte spillemenn, ei av dei viktigaste bøkene hans. Om ein skulle karakterisere litteraturen til Heinesen med eitt einaste adjektiv, måtte det vere frodig. Denne boka faldar ut for oss det vesle samfunnet Torshavn, med vindharpebyggjaren og klokkaren Kornelius Isaksen og dei tre sønene hans i sentrum. Utdraget som vert presentert for oss er heilt mot slutten av boka, då son nr. 2, diktaren Sirius, ligg på dødslægjet og filosoferer over månen. Det er Inger Hagerup som har stått for omsettinga av denne boka, glitrande, sjølvsagt. Heinesen slo igjennom med romanen Den sorte gryte i 1949, før han skreiv De fortapte spillemenn, som kanskje er den boka han er best kjend for. Personleg er eg endå meir begeistra for Det gode Håb frå 1964, som gav han Nordisk råds litteraturpris. Svært mykje av Heinesens produksjon er omsett til norsk, takka vere Samlaget og omsetjaren Ivar Eskeland. Heinesen vaks opp i ein velståande familie i Torshavn, med sterke band til Danmark, og det har vel vore litt misnøye i heimlandet fordi han ofte vert kalla dansk forfattar, sidan han skreiv på dansk. Færøyane har ein rik litteratur, særleg sett på bakgrunn av at der bur berre 50.000 menneske i den vesle øygruppa. Her må eg sterkt rose Lars Moa frå Stjørdal, som har gjort eit enormt arbeid for å presentere færøysk litteratur på norsk. Og eg kan ikkje la vere å nemne den færøyske kunsten, det er ei stor oppleving å vitje Listasavn Føroya, det vil seie det færøyske nasjonalgalleriet. Sjølv har eg eit sterkt og varmt forhold til Færøyane, eg har vore der fleire gonger og lengtar kvar gong tilbake til dette paradiset. 29. juli er det olsokfeiring på Færøyane, den som har opplevd dette, vil garantert aldri gløyme det. Eg har eit færøysk flagg som eg alltid hengjer opp på balkongen min på denne dagen.»

Petter Kristensen skriv: «En bok som ga meg mye mer enn det jeg så for meg da jeg åpnet den!»

Iver Røssum skriv: «Dette er ei bok vel verd å lesa opp att!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement