Gode skiltInnsida går aldri lei av gode meldingar til ålmenta ute i kvardagen.Alf Andresen i Bergen har eit godt døme på ein veg der namnet rett og slett sprenger rammene for det styresmaktene har rekna med at eit skilt skal kunne vera. Når det i tillegg e
Alf E. Andresen
Innsida går aldri lei av gode meldingar til ålmenta ute i kvardagen.
Alf Andresen i Bergen har eit godt døme på ein veg der namnet rett og slett sprenger rammene for det styresmaktene har rekna med at eit skilt skal kunne vera. Når det i tillegg er vegen til vår smått legendariske statsminister som fekk oss fri frå svenskane, bør det vel ikkje vera ei overrasking at det ville koma ein veg etter han.
I Hammerfest er servering av eksotisk mat òg relativt klårt og tydeleg merkt med svarte bokstaver på den kvite mattraileren. Dei som set pris på syrisk mat, vil nok finna fram, sjølv i mørketida.
På Rjukan vel dei å vera ekstra tydelege for at den som leitar etter vatn frå ein hydrant, ikkje skal leita fåfengt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.