Gode skiltInnsida er på veg inn i den varme sumaren med gode skilt. Både eigne som me har funne på vår veg, og frå gode lesarar som held auga opne. Sumaren i nord har vore dårleg inntil denne veka. Innsida la difor godt merke til skiltet på flyplassen i Bo
Innsida er på veg inn i den varme sumaren med gode skilt. Både eigne som me har funne på vår veg, og frå gode lesarar som held auga opne. Sumaren i nord har vore dårleg inntil denne veka. Innsida la difor godt merke til skiltet på flyplassen i Bodø, som naturleg nok ville senda folk til sørlegare strok. Noko undrande stiller me oss likevel til sydenferiar i Stockholm. Rett nok ein triveleg by, men ein kan nok ikkje rekna med strandparasollar, sangria og grisefest overalt i den svenske hovudstaden, men det er kanskje sørleg nok for mange i Bodø?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.