Gode skiltInnsida er på veg inn i den varme sumaren med gode skilt. Både eigne som me har funne på vår veg, men òg frå gode lesarar som held auga opne. Sumaren i nord har vore dårleg inntil denne veka. Innsida la difor godt merke til skiltet på flyplassen

Publisert

Innsida er på veg inn i den varme sumaren med gode skilt. Både eigne som me har funne på vår veg, men òg frå gode lesarar som held auga opne. Sumaren i nord har vore dårleg inntil denne veka. Innsida la difor godt merke til skiltet på flyplassen i Bodø, som naturleg nok ville senda folk til sørlegare strok. Noko undrande stiller me oss likevel til sydenferiar i Stockholm. Rett nok ein triveleg by, men ein kan nok ikkje rekna med strandparasollar, sangria og grisefest overalt i den svenske hovudstaden. Men det er kanskje sørleg nok for mange i Bodø?

Langt nok sør er uansett Rio. Men me skal ikkje de Janeiro denne gongen, men til Voss, der det både heiter Rio og Grande. Varmt er det der òg, men likevel vil nok farande folk merka ein viss skilnad frå den meir kjende venskapsbyen sør i Amerika.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement