Når dei unge i dag legg frå seg mobiltelefonane, er det særs sjeldan av di dei skal til latinundervising. Det er rett og slett ikkje god latin å påpeike for ein tenåring at å lære seg litt latin kan vere klokt. Utan omsyn til kva ungdommen meiner, eller kva Alexander Kielland ville ha sagt, skal me i dag ta føre oss ei latinsk formaning. Det er filosofen og teologen Thomas Aquinas som etter seiande er opphavsmann til uttrykket: Cave ab homine unius libri. På norsk vert tydinga: «Ta deg i akt for han som berre kjenner éi bok.»
Kan hende er det ein lesar eller fem som no trur at Aquinas med åtvaringa meinte noko negativt om personen med kjennskap til berre éi bok, men det er motsett. Teologen ville fram til at me mest sannsynleg har å gjere med ein som kan boka betre enn dei som har lese fleire bøker. Om alle visste dette frå før, ber me om orsaking.
Så skal me vidare til Moskva og til Lefortovo-fengselet. Der går ein fange til fengselsbiblioteket for å låne ei bok. Responsen frå bibliotekaren er: «Boka du vil låne, har me diverre ikkje inne, men me har forfattaren.»
Det lakkar og lid mot påske. For folk som skal til fjells, har Klok-redaksjonen laga eit supplement til fjellvitreglane, nemleg: Hugs at ti meter er betre enn ti kilometer i feil retning. Takk for takksemda.
Så vart det endeleg Laurits Killingbergtrø sin tur. Han skriv: «Nydalen er eit triveleg strok i Oslo, der det ligg inntil Akerselva og kan fungere som ein fin stoggestad på elvevandringa med sine kafear og høve til dukkertar. Men her held eg visst på og drøymer meg bort i sommaropplevingar tidleg i mars! I dag er eg da i Nydalen fordi eg fann ut at biblioteket her er av dei få i byen som har løysingsboka i Klok på bok! Rett det, eg fann den boka som eg trudde passa best med hjelpetipsa: Se en siste gang på alt vakkert, ei novellesamling av Kristin Vego. Sitatet står på ‘rett’ side, og det står i kapittelet med tittelen «Be my baby». Kristin Vego er for meg eit spennande namn, som eg måtte finne ut meir om. Trass i det supernorske namnet er ho fødd i Århus, men er rekna som dansknorsk. (Det er 44 i Noreg som har det etternamnet – snok, snok.) For Klok-boka fekk Kristin Vego i 2021 Tarjei Vesaas’ debutantpris, så ho er godt i gang, og vi ventar på framhaldet.»
Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «Nok en gang måtte vi ut av huset for å løse ukens konkurranse, for den Tarjei Vesaas’ debutantprisvinnende novellesamlingen Se en siste gang på alt vakkert, av Kristin Vego, hadde vi – med skam å melde – ikke i egen samling. Det har vi nå. Sitatet er hentet fra den litt snodige og forbløffende novellen “Be my baby”.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.