Klok på bok

Gåtefulle Knut

Publisert

I 1877 debuterte ein norsk forfattar med boka Den Gaadefulde, med undertittelen En kjærlighedshistorie fra Nordland. Boka er lita, men forfattaren skulle seinare vise seg å verte stor. Ikkje berre vart Knut Hamsun nobelprisvinnar i litteratur. Han fekk òg æra av å vere fast inventar i juleutgåva av Klok på bok. Heilt sikre på kva for heider Hamsun held høgast, er me ikkje, men me har ein mistanke. Me har jo det.

Klok-redaksjonen ynskjer lesarane ei god jul med barnleg lyst og tindrande ljos kvar kveld. Dessutan vil me takke for god ro og orden i 2021, og ynskje alle eit godt nytt år.

Så til løysinga i dag. Gunder Runde skriv: «Det er noko som heiter ’å gå i barndomen’. Dette kan gje seg ymse utslag – for mitt vedkomande: Eg har i det siste lese fleire barne- og ungdomsbøker. Den siste barneboka eg las, er den nydelege skildringa Snøballkrigen av Sigmund Løvåsen. Løvåsen er ein særs allsidig forfattar – han debuterte med romanen Nyryddinga i 2003 (som altså er dagens bok), som han vel fortent fekk både Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttarane sin pris for. I 2006 kom det eit framhald av boka om Geir, nemleg Brakk. Og så dukka humoristen Løvåsen opp i roman nummer 3, Mamsell Iversen. Ikkje nok med det, han har også skrive ein framifrå biografi om Kjell Aukrust, ei nydeleg diktsamling med ein flott tittel: Med øksane dei haustar inn, og altså i år: ei barnebok. Løvåsen høyrer til dei forfattarane som eg følgjer nøye med, og les alt av. Sist sommar hadde me på Sunnmøre gleda av å møte han som festspeldiktar på Dei nynorske festspela i Ørsta, der han gjorde arrangementet til ein fest, bokstaveleg tala! Sigmund Løvåsen har også vore leiar av Den norske Forfatterforening, og han sit i ulike utval og nemnder som har med litteratur å gjere. Og så var det namnet på kjærasten til Geir i Nyryddinga – namnet hennar er Live.»

Desse klokingane rydda bort all tvil og fann fram til Live og Løvåsen på oppgåve 1510: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Else Gjesdahl Sørensen, Eli Winjum, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Eirik Holten, Ole Husby, Inger Anne Hammervoll, Olav Holten, Kjell Helge Moe, Bente Ubostad, Torbjørn Ohnstad Skaim, Eli Hegna, Gunder Runde, Pål Amdal, Jan Alfred Sørensen, Petter Kristensen, Helge Flæte, Brita Lundeland, Lise Haaland, Audun Gjengedal, Gunnar Bæra, Jorunn Røyset, Nils Farstad, Reidar Birkeland, Folke Kjelleberg, Fritjof Lampe, Bjørn Gjermundsen, Erik Aamlid, Tor Einar Loftesnes, Hans M. Gautefall, Jorunn Øxnevad Lie, Anne Berit Skaarer, Turid Tirevold, Kirsten Bakke, Gunnar Eide, Sigrun Gjengedal Ruud, Jorunn Kleppe, Kjell Helge Moe, Dei Kvasse på Fana, Solrun Haukedalen, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Robert Øfsti, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane, Sjur Joakim Fretheim og Ole G. Evensen. Siste bokvinnar i år er Dei Kvasse på Fana. Gratulerer!

Klok på bok 1512

1. I Men livet lever seier ein sorenskrivar at plikta med å eksaminere fattigfolk ikkje er noko han trivst med. Han plar avhende oppgåva til fullmektigen og meiner han er betre skikka til arbeidet, av di han kjem ifrå ein bestemd landsdel i Noreg. Kva for landsdel kjem fullmektigen frå?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement