Frøken FrankNok ein gong har boklækjaren vore på ekskursjon med stort fagleg utbyte, og nok ein gong vart det Praha. Eg vil tru dei faste lesarane har fått med seg at eg slit med å få godkjent utgiftene og velfortente tillegg av ymse slag til desse turane

Publisert

Nok ein gong har boklækjaren vore på ekskursjon med stort fagleg utbyte, og nok ein gong vart det Praha. Eg vil tru dei faste lesarane har fått med seg at eg slit med å få godkjent utgiftene og velfortente tillegg av ymse slag til desse turane til Bohemia. Rekneskapsføraren i Dag og Tid meiner at eg gjer rekning utan vert, men slik vil ikkje eg seie det. Det får stå for rekneskapsføraren si rekning.

No skal eg ikkje plaga lesarane meir med usemje mellom rimeleg refusjon og rigid rekneskapsføring, men heller presentere løysinga på oppgåve 1308. Denne gongen var det forresten fleire enn vanleg som skaut frå hofta, utan å treffe noko som var i nærleiken av skyteskiva. Marit Lindberg bala òg, men svaret hennar var midt i blinken: «Trass i soleklårt hint i oppgåva, tok det meg ein god runde på biblioteket før hjernen kobla rette gute- og jentenamn. Då hadde eg vore innom både Erik Maria, Rainer Maria og fleire. Så tok hjernen endeleg til vit og kopla meg til Anne Frank. Dagboka hennar var ’forvist’ til magasinet! Jaja, det er ei tid for alt, som den vise profeten seier. Sitatet er frå slutten av dagboka.»

Gunnar Bæra skriv: «Anne Frank var ei jødisk jente fødd i Tyskland 12. juni 1929. Då nazistane kom til makta, rømde heile familien til Amsterdam der dei gøymde seg. Heile tida medan dei låg i dekning, skreiv Anne dagbok. Etter eit svik vart alle arresterte og sende i konsentrasjonsleir 4. august 1944. Anne døydde av tyfus i februar/mars 1945. Etter krigen vart Anne Franks dagbok omsett til 55 språk, også til norsk første gong i 1952. Holocaustrevisjonistane har hevda at boka er eit falsum. I 1986 vart det difor publisert ei annotert utgåve der handskrift, papir og blekk i originalen vart analysert. Rapporten som er trykt i boka, grunngjev at dagboka er autentisk. No skal 19 nye etterforskarar, historikarar og kriminalteknikarar gå gjennom dei gamle forhøyrsprotokollane og prøve å finne fram til kven det var som sveik familien i 1944.»

Anne Franks dagbok vart omsett til norsk av Inger Hagerup, og fleire av oppgåveløysarane gjorde merksam på forordet i boka. Robert Øfsti skriv: «Det er kanskje nok å sitere frå Inger Hagerup sitt kloke forord til denne boka: ’Det er som hun skynder seg med å utfolde seg fordi hun aner at tiden er kort. Det er ikke tvil om at det er en kunstner i knopp som har skrevet disse brevene.’ Og slik sluttar ho forordet sitt: ’Å lese Anne Franks dagbok er som å få en pakke brev fra en avdød venn som en aldri har kjent, men som en savner dypt likevel.’»

Desse kloke kom fram til rett svar på oppgåve 1308: Jon Grepstad, Tove Knutsen og Idar Lind, Torleiv Kløve, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Ottesen, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Inger Anne Hammervoll, John Olav Johnsen, Ingvar Engen, Ingebjørg Sogge, Sjur Joakim Fretheim, Else Bovim, Gunn Bull-Berg, Laura Killingbergtrø, Mari Aasen, Eli Hegna, Per Skjæveland, Laurits Killingbergtrø, Kirsten Bakke, Ståle Ritland, Truls Johan Horsberg Hoff, Gunnar Bæra, Skeisebibliotekaren i LASK, Olav Molven, Audun Gjengedal, Gunder Runde, Ove Bjørkhaug, Petter Kristensen, Marit Lindberg, Mona Fonnes, Rannveig Nordhagen, Anne-Marie Grønhaug, Sigrid Randers-Pehrson, Turid Tirevold, Wilma Fikke Schønning, Eirik Holten, Robert Øfsti, Eva Sunde, Fritjof Lampe, Dei kvasse på Fana, Inger Margrethe Berge, Torleik Stegane og Per Trygve Karstensen. I dag er Eirik Holten bokvinnar. Gratulerer!

Klok på bok 1310

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement