Frå tid til AnnaSist veke fekk lesarane læra noko om tid, stoltheit og sjiraff her i spalta. I dag må sjiraffen flytte seg. Eg har nemleg eit hengjeparti med undringar frå oppgåveløysarane. No tek eg eit skippertak.

Publisert

Sist veke fekk lesarane læra noko om tid, stoltheit og sjiraff her i spalta. I dag må sjiraffen flytte seg. Eg har nemleg eit hengjeparti med undringar frå oppgåveløysarane. No tek eg eit skippertak.

Fyrst noko om tid: Denne gongen fekk eg mange svar med rett forfattar, men med feil tittel på boka eg hadde sitert frå. Det finst kloke folk som trur at det er forbode å skifte om på løysingsforslaget, men slik er det ikkje. Boklækjaren er pragmatikar, og det var fleire innsendarar som rakk å endra svaret på Klok på bok 1306 innan svarfristen. Det er heilt i orden. Altså: Det er siste svaret som gjeld, uansett om det er rett eller gale.

Så til dei som har meir eller mindre velgrunna meiningar om oppgåva her i Klok på bok. Det hender at boklækjaren får kommentarar som hevdar at oppgåva er for vanskeleg. Eller for lett. Ikkje sjeldan får eg begge vurderingane på same oppgåve. Nok ein gong høver det med eit sitat frå Ivar Aasen: «Og kor du bryggjar og kor du bakar, d’er alltid ein, som det ikkje smakar.»

Elles er det også dei som kjem med velmeinte råd om korleis eg skal utforma hinta. Om det gjer livet til det betre for boklækjaren, får stå i uvissa, men ein takk for engasjementet skal de ha uansett.

Ei siste undring går på om ein lyt skriva nynorsk om løysinga skal kome på prent her i bokhjørnet. Svaret er nei. Me godtek både nynorsk og bokmål. Eit døme på det siste er svaret eg fekk frå Skeisebibliotekaren i LASK. Han skriv: «Argh! Vet du at Frankrike har mottatt Nobelprisen i litteratur hele seksten ganger? Det gjør du nok! MEN jeg tipper at telefonsvareren ble så vanlig at den bare sånn en passant kunne vises til i en litterær tekst, først på 1980-tallet; derfor sjaltes alt før 1985 ut! Da står jeg tilbake med fire årstall, hvorav det ene, 2008, skjuler en prisvinner med delt nasjonalitet mellom Frankrike og Mauritius. Tror ikke du kan være så infam – da er det bare tre igjen. Så er det å lete! Tre kvarter seinere: etter å ha gjennomgått lister over utkommet litteratur både på norske, svenske og engelske wiki-sider – ikke i nærheten av en forfatter med fem ganger samme vokal i navnet … En ny metode måtte implementeres i skolten. En enklere! Noe sa meg at forfatteren var en kvinne. Hvordan kan man ha samme vokal fem ganger? Vel, hvis man allerede i fornavnet har et par eksemplarer av den, som i Anna, for eksempel … Så bare datt Gavalda rett ned! Det stemmer med nynorsken. Hun kom med La consolante i 08, men det året har jeg jo sjaltet ut. Boken har jeg ikke for hånden, men i 2014, samme året som Patrick Modiano vant prisen, kom La vie en mieux – Livet, til det betre, på rett norsk.»

Korrekt svar på oppgåve 1306 kom det frå: Skeisebibliotekaren i LASK, Torleiv Kløve, Tove Knutsen og Idar Lind, Birte Næsheim, Eirik Holten, Inger Anne Hammervoll, Per-Heine Dahl, Audun Gjengedal, Gunnar Bæra, Bjørn Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Nils Farstad, Jorunn Øxnevad Lie, Marit Mangerud, Jan Alfred Sørensen, Olav Molven, Sverre Bungum, Sjur Joakim Fretheim, Truls Johan Horsberg Hoff, Inger Margrethe Berge, Dei kvasse på Fana, Turid Tirevold, Kirsten Bakke, Laurits Killingbergtrø, Gunder Runde, Sigrid Hiller, Eva Sunde, Fritjof Lampe, Ingebjørg Sogge, Bjørn Gjermundsen, Petter Kristensen og Tvillingene. Bokvinnar i dag er Torleiv Kløve. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement