Klok på bok

Forboden frukt

Publisert

No og da hender det at boklækjaren vert omtalt som «språk-nazi». Slike grunnlause skuldingar, skjellsord utan rot i røynda, tek eg lett på. Sant nok kan eg ein sjeldan gong (les: alltid) gjere merksam på at det ikkje skal vere fuge-s i timevis, dagevis, vekevis og årevis, men at i månadsvis er det korrekt. At jubelen for slike små rettingar er tyst, er jo langt ifrå det same som at han ikkje finst.

Utanfor den inste krinsen vert det verre å vere språkpoliti. Blant folk eg kjenner, finst det heile to som seier «advokado» om den pæreforma frukta som veks på avokadotreet. Ja, eg riv meg i håret, og eg krummar tærne, men eg er stille som snø der eg sit og lyttar til galskapen.

I staden for å søke juridisk bistand vil eg høyre med lesarane: Er det best å kimse eller å korrigere i ein slik situasjon? Drøft dilemmaet, gjerne i små grupper, og send konklusjonen til bokstova. Fruktbare framlegg får laurbær i spalta.

I løysingsboka denne veka vert dei vaksne tatt på fersken når dei kjem med utsegner som ikkje samsvarar med det røynlege hos hovudpersonen. Folke Kjelleberg skriv: «Sitatoppgåva er henta frå romanen Dei vaksnes løgnaktige liv, utgjeven på Samlaget i 2020, omsett av Kristin Sørsdal. Så var det forfattaren då: Det er ein person som nyttar pseudonymet Elena Ferrante. I alle år sidan debutromanen i 1992, L’amore molesto har det vorte lansert mange ’alternative løysingar/ alternative sanningar’. Då første romanen hennar kom på norsk i 1994, med tittelen Hjemreise, omsett av Brit Jahr, så skreiv bokmeldaren i Aftenposten, Terje Stemland, at Ferrante ’var fra Italia og bosatt i Hellas’. Då siste boka i Napoli-kvartetten kom i norsk omsetjing i 2016, vart Kristin Sørsdal heidra med Målprisen og Elena Ferrante vart innstilt til Booker-prisen. Eitt av dei mange forslag til kven som skjuler seg attom namnet Elena Ferrante, er historieprofessor Marcella Marmo, fødd i 1943 i Napoli. Ei anna er Anita Raja, fødd i 1953, og gift med forfattaren Dominico Starmone – han som vitja Lillehammer under Litteraturfestivalen i 2018. Så langt utan at nokon har funne svaret. Men eitt er sikkert: Denne tvilen er godt for Samlaget og nynorsken.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Nøtta denne gongen var vel overmogen å kalle. Eg har venta lenge på at Elena Ferrante skulle bli plukka ut til Klok-forfattar. Bøkene hennar har vore bestseljarar, ja, både i heimlandet Italia og andre land, såleis òg lykkelegvis i Noreg. Med Kristin Sørsdal som omsetjar av heile ti bøker har det ført til ein stor auke av den nynorske bokheimen.

Siste romanen av Ferrante kom ut 2019 med tittel La vita bugiarda degli adulti. Den norske omsetjinga av Sørsdal har tittelen Dei vaksnes løgnaktige liv og kom i 2020. Namnet Elena Ferrante skal visst vere eit pseudonym, og fleire framlegg til ’rett’ namn er reiste. Men eg tykkjer Elena er så vakkert eit namn at det held hundre prosent for meg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement