For lite tull og tøysEin snakkar ofte om at det er for mykje tull og tøys her og der. Ved nærare oppteljing har Innsida kome til at det slett ikkje er det. Ifylgje Hysterisk Fakultet ved Universitetet i Kaupanger har det vorte 24 prosent mindre tull og tøy

Publisert

Ein snakkar ofte om at det er for mykje tull og tøys her og der. Ved nærare oppteljing har Innsida kome til at det slett ikkje er det. Ifylgje Hysterisk Fakultet ved Universitetet i Kaupanger har det vorte 24 prosent mindre tull og tøys i det offentlege ordskiftet frå 1974 og fram til i dag. Fakultetet peikar på ei rad faktorar som har ført til denne nedgangen

z Nedgangen i papiraviser gir færre lesarbrev. Dei få som kjem, er alvorlege, fordi redaktørar ikkje synest dei kan bruka den vesle plassen på tull og tøys.

z Dei fleste har ikkje tid til å kjeda seg og finna på tull og tøys. Det er rett og slett for travelt.

z Mobiletelefonen er ein tidstjuv som ikkje har plass til tull og tøys.

z Ungdommen no til dags.

z Samfunnsreglane hemmar lysta til tull og tøys: Gå med hjelm, ta på belte, sit i ro, ikkje gå på epleslang, pant boksen din og kjøp glutenfritt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement