Falkeblikk

Publisert Sist oppdatert

Det vart ikkje tur til Italia på boklækjaren i år. Etter 14 samanhengande somrar i Liguria, vart det bråstopp i år. Det aller mest irriterande er ikkje at eg gjekk glipp av varmen, dei trivelege folka, den gode maten og Middelhavet. Nei, det mest irriterande er at neste år kjem eg til å starte på null.

Løysingsforfattaren i dag har òg vore i Italia. Det var i 1911 Johan Falkberget fekk diktarstipend frå staten, og pengane ville han bruke på ei reise til Roma og andre byar i Italia. I byrjinga gjekk det greitt. Til kona og dei tre borna der heime skreiv han mange brev som vart lesne høgt for borna. Dottera Aasta har sidan sagt at desse breva frå faren i Italia, var som om mora las eventyr for dei.

Det er langt frå Roma til Røros, og etter kvart vart det tydeleg at heimlengten blei for sterk for Johan Falkberget. I eit brev til kona skriv han: «Jeg har sittet mellom ruinene på Forum Romanum og ønsket meg heim til eldhuset nord ved Rugelsjøen.»

Om Falkberget skal Knut Hamsun ha sagt: «Han har synet.» Men no skal me sjå på kva Geirr Wiggen har å seie: «Bok-gåta denne gongen er frå fjerde og siste bandet av Johan Falkbergets firebandsverk Nattens brød, Kjærlighets veier. Det kom ut i 1959. Johan Falkberget (fødd 1879) døydde i 1967, og det var Miguel Angel Asturias som fekk nobelprisen i litteratur det året. I første bandet av Nattens brød, An-Magritt, kan vi lesa om hjulmakaren Johannes at han kom til Røros med broder Jürgen som ’oppvandrede Wittenbergere’. Da var han ’konstknekt’, enno ikkje fullt utlært, men likevel såpass utdanna i matematikk o.a. (inkl. latin) at han var rekna som svenn av høgre gesellgrad og derfor fekk høgare lønn for arbeidet sitt enn vanlege arbeidarar. Johannes kom til å bli kjærasten og, etter kvart, ektemannen til An-Magritt. Wittenberg er likevel ikkje den tyske bergstaden Johannes kom frå. Han ’tilhørte gamle vel bevåkne bergmannsslekter i det eldgamle kurfystedømme’ Sachsen, der han ’i meget ong alder’ ’sattes i Freiberg Hütten-Schule’. Freiberg vart grunnlagt i 1180-åra som den første byen i Ertzgebirge og er det noverande Tysklands eldste frie bergstad, etter det vi kan lesa i Wikipedia, så det er nok den byen Medikus Libri vil ha nemnd som den tyske bergstaden hjulmakaren i Klok på bok-sitatet kom frå.»

John Olav Johnsen skriv: «Eit av høgdepunkta i norsk litteratur.»

Jorunn Øxnevad Lie skriv: «Hvis jeg noen gang skulle uttale meg om hva litteratur betyr for meg, vet jeg at Nattens brød av Johan Falkberget er det verk som har gjort størst inntrykk på meg.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement