Klok på bok
Evig eig du det du tapar
Det er ei lagnadstung tid me er inne i. Kvar dag, kvar time, kjem det ny, urovekkjande informasjon frå den kriminelle krigen. Me treng eit lite avbrekk, og difor skal me ikkje nemne Vesle-Putin i spalta denne gongen. På generelt grunnlag vil me likevel gjere merksam på at når ein figur har framtoning som ein krigsforbrytar, snakkar som ein krigsforbrytar og er ansvarleg for eit utal omsynslause krigsbrotsverk, vel, så er han ein krigsforbrytar.
I staden for meir merksemd på banditten over alle bandittar vil eg tusle over til ei fiktiv, men breiddfull brevkasse her i bokstova. Overraskande mange imaginære lesarar har nemleg skrive inn med det same spørsmålet til Klok-redaksjonen, nemleg: «Kva for by i Italia, ifylgje uttrykket, er det ein skal sjå innan ein nøgd kan leggje seg ned og døy?» Nokre trur det heiter: «Sjå Venezia og døy!» Andre meiner originalen er: «Sjå Roma og døy!» Forslaga er fine, men båe har diverre den vesle feilen at dei ikkje er rette.
Som sanningsvitne i spørsmålet har me henta inn sjølvaste Johann Wolfgang von Goethe. I boka Italiensk reise skriv han: «Vedi Napoli e poi muori! sier de her. ’Se Napoli og dø!’ At ingen napolitaner vil forlate sin by, at dens diktere i mektige overdrivelser synger om dens heldige beliggenhet, kan man ikke fortenke dem i, selv om det også fantes noen andre Vesuver i nabolaget. Her får man slett ikke lyst til å tenke tilbake på Roma; sammenlignet med Napolis frie beliggenhet virker verdens hovedstad i Tiberdalen som et gammelt, dårlig plassert kloster.»
Så til svaret på oppgåve 1520. Gunder Runde skriv: «Det er berre nokre månader sidan eg las Emily forever av Maria Navarro Skaranger (fødd 1994, det året Kerstin Ekman fekk Nordisk råds litteraturpris). Skaranger slo igjennom allereie som 21-åring med debutromanen Alle utlendinger har lukka gardiner, med emne frå Groruddalen (Romsås). For denne romanen vart ho innstilt til Tarjei Vesaas’ debutantpris, og boka vart også filmatisert. Neste bok fekk tittelen Bok om sorg (Fortellingen om Nils i skogen) og er påverka av at bror til Skaranger tok livet sitt. Denne boka fekk EUs litteraturpris. Og den tredje romanen hennar er altså den rørande boka om den unge åleinemora Emily. Ein forfattar vi kjem til å høyre meir om!»
Eli Hegna skriv: «Fra kjøkkenbordet jobbes det fredelig og systematisk med ukas oppgave – alt er bedre enn å lese dagens urolige nyheter fra Ukraina: En roman jeg treffer på, er for 2021 nominert til Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Bokhandlerprisen. Rettighetene er foreløpig solgt til åtte land og i tillegg er de engelske verdensrettighetene solgt til World Editions. Det må være Maria Navarro Skarangers siste bok Emily forever. Sitatet er fra avslutninga av boka som har 177 paginerte sider. Dette er svaret fra en gammel bibliotekar.»
Kari Vevatne skriv: «Nå har jeg lest Emily forever, en god bok og en forfatter jeg vil lese mer av. Takk derfor nok en gang for godt lesetips!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.