EurovisjonarDå er Song over for i år, og kva plass kom Noreg og Alexander på i Lisboa? 15. – åtte plassar bak Sverige og Benjamin

Publisert

Då er Eurovision Song Contest over for i år, og kva plass kom Noreg og Alexander Rybak på? 15. – åtte plassar bak Sverige og Benjamin Ingrosso. Folk likte altså bodskapen til Benjamin («don’t you dare wait up for me now») betre enn bodskapen til Alexander («you’ve got to find a mission»).

Alexander Rybak gjorde altså ein passe dårleg jobb, trass felespel og sjukt mykje smiling, og veljarane gjorde ein grei jobb. Sjølv sutra eg fordi eg skulle ønske Aleksander Walmann vann den norske finalen, og fordi det var for mykje brett i raudvinen, sjølv om dette ikkje er unaturleg når ein kjøper naturvin.

I kvitvinen var det for mykje syre.

Men alt går i grisen, og eg stemde på Ungarn, Bulgaria, Frankrike og Serbia. Dei som sat rundt meg, stemde på Estland, Tsjekkia og Nederland med fleire. Éi stemde på Kypros (Eleni Foureira) fordi ho skreiv feil tal fordi ho skalv på fingrane av spenning og syre, og feilen førte til at Kypros kom på andreplass, noko som er utruleg irriterande, i og med at songen («yeah, I got the fire, ah yeah» og så vidare) ikkje heldt mål. Pluss at Eleni ikkje hadde klede på seg, berre glitter måla på huda.

Sjølv stemde eg òg på Austerrike (Cecár Sampson), men for seint, noko som førte til at Austerrike mista andreplassen.

Neste år

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement