Eit oljeeventyr?I samband med at det er 50 år sidan den fyrste oljedropen vart funnen i Nordsjøen, på feltet Balder, kan det vera på sin plass med nokre tankar om kva slags prosjekt dette har vore for oss nordmenn. Balder var for lite til å driva, så det v
I samband med at det er 50 år sidan den fyrste oljedropen vart funnen i Nordsjøen, på feltet Balder, kan det vera på sin plass med nokre tankar om kva slags prosjekt dette har vore for oss nordmenn. Balder var for lite til å driva, så det var fyrst med oppdaginga av Ekofisk i 1969 at det verkeleg vart fart i sakene.
Uansett, så har me nordmenn vakse opp i den tru at oljefondet er ein liten del vårt.
Om lag kvar gong det står i avisa kor stort oljefondet har vorte, står det òg kor mykje det er delt på kvar nordmann. Men set ein blikket ut i verda blant dei oljeproduserande landa, finn ein ikkje den same tilnærminga.
Der står det ikkje i avisene kor mykje det er per innbyggar, for der skal ein ikkje dela på 5 millionar slik me skal, men kanskje berre på 5.
Olja har difor vore eit nasjonalt prosjekt. Opphavleg har me alltid vore veslebror i høve til svenskane, som hadde sine store industrielle lokomotiv på verdsmarknaden: bilar, møblar, musikk og sprengstoff.
Så avundsjuke har me vore på merkevarene til svenskane, at me i 1978 ville byta bort ein del av blokkene i Nordsjøen mot 40 prosent av Volvo. Me var klare, men heldigvis for oss syntest svenskane det var ein dårleg handel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.