Ei oppdateringDå nabokatten overtalte meg til å reise til varmare strok i jula, tok eg mann og ungar under armen og drog på cruise i sus og dus. Slik hausta vi lærdom til det nye året. For eksempel har vi lært at det finst folk som forsyner seg med to pann
Då nabokatten overtalte meg til å reise til varmare strok i jula, tok eg mann og ungar under armen og drog på cruise i sus og dus. Slik hausta vi lærdom til det nye året. For eksempel har vi lært at det finst folk som forsyner seg med to pannekaker, ein desiliter sirup, tre muffins, fire donuts og fem wienerbrød frå frukostbuffeen, pluss eit kilo fruktbitar, på same fat. Pluss at havre kan komme i dei finaste fargar og smake drops.litt antropologi
Ja, dei pyntar til jul i varmare strok òg, med reinsdyr og nissar, og dei lar pynten stå og ligge strødd til påske.Språkpris nr. 1
Årets første språkpris, for månadens mest oppkvikkande Dag og Tid-setning, går til Svein Gjerdåker for setninga: «Under sjølve ståbrunsten er kua òg rastlaus, og ho har eit glansfylt blikk.»
Juryen – ein filolog og kalvane hennar, som alle har skulegang – seier til NTB, VG, NRK og så bortetter: «Gjerdåker skriv svært godt om oksen Kjell Bjarne, som går ustanseleg og snusar og luktar.»
Problemet er berre at juryen, og deretter media, med dette siterer Gjerdåker ordrett. Han skreiv nemleg «går ustanseleg og snusar og luktar» i reportasjen, og når folk siterer ein opphavsmann utan å markere det med gåsauge eller namn, er det godt mogleg dei blir saksøkte. Mange har som nyttårsforsett at dei skal bli flinkare til å saksøke folk. Då er det smart å ha som nyttårsforsett at ein skal bli flinkare til å sitere rett når ein ikkje diktar opp nyhende.
Det blir eit spennande år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.