Ei farga bomeldingEin svensk bestseljar som er seld til 27 land, er endeleg kommen ut på norsk, dessverre. (Tittelen fortel at boka er skriven til svenskane, og ikkje oss:

Slik kan ein tosk sjå ut. Badedrakta er blå, men innhaldet er truleg ei blanding av purpur, indigo og beige.
Slik kan ein tosk sjå ut. Badedrakta er blå, men innhaldet er truleg ei blanding av purpur, indigo og beige.
Publisert

Ein svensk bestseljar som er seld til 27 land, er endeleg kommen ut på norsk, dessverre. (Tittelen fortel at boka er skriven til svenskane, og ikkje oss: Omgitt av idioter.)

Boka, som er skriven av ein kjend foredragshaldar, leiarutviklar og coach, sjølvsagt, gir svar på korfor ein kan føle at alle andre er idiotar: Jo, vi er ulike og kommuniserer på ulike måtar. Det visste du ikkje!

Og tenk, sidan vi er ulike, har vi det med å misforstå kvarandre.

Samtidig, sjølv om vi alle er unike, kan vi ifølge boka delast inn i fire grupper – etter farge: 1) Dei raude er meir eller mindre ambisiøse, viljesterke konkurransemenneske. 2) Dei gule er opne, positive, impulsive skravlebøtter. 3) Dei grøne er rolege, lojale, ryddige lyttarar. 4) Dei blå er objektive, konvensjonelle regelryttarar.

Ei blå sjel som må samhandle med ei gul sjel, vil dermed slite.

Men sjølvsagt kan vi ha fleire fargar, understrekar forfattaren, som har eit konvensjonelt = blått namn: Thomas Erikson.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement