Det er seinsommar, og kan hende finst det folk i lesarkrinsen som trur at no er det berre gråt og illelåt i bokstova. Slik er det heldigvis ikkje. Stemninga er lettlyndt, og framleis er det sommarkjole eller shorts, sandalar eller berrføtt, som er kodane når Klok-redaksjonen dressar seg opp til arbeid.
Tidlegare har eg vore innom at seinsommar er eit diffust omgrep. For å få orden i sysakene, og slik at ein ikkje treng ta det opp att meir, arrangerte eg ei avrøysting om dette ein kveld eg var aleine på kontoret. Det viste seg at alle med røysterett ville at seinsommaren i år skulle vare til haustjamdøger, altså fredag 23. september. Så fekk me det på plass.
Det var mange som fann fram til fasiten denne gongen. Boklækjaren seier seg samd med Synnøve Kåset, som gjer merksam på at svaret på tilleggsspørsmålet «ikkje må røpast for den som ikkje har lese bokji». Eg har difor ikkje tatt med den delen av oppgåva når me no skal sjå på nokre av svara me fekk på Kpb-1540.
Norunn Askeland skriv: «Der hadde eg flaks. Dette sitatet kjende eg igjen med det same. I sommar hadde eg sett meg føre å lese romanen Fiskehuset av Stein Torleif Bjella. Eg er eigentleg ikkje så interessert i fisking at eg vil lese ei heil bok om det, men heldigvis var det ikkje ei tjukk bok, og heldigvis handla ho om mykje meir enn fisking, men eg lærte no faktisk litt om fisking også. Både forteljaren Jon Aslesson Aal og forfattaren Stein Torleif Bjella er fleirsidige, på den måten at dei syslar med både skriving og musikk. I sitatet frå romanen fell det kloke ord om både identitet og kjærleik. Det skjer i samtale mellom forteljaren Jon og eigaren av fiskehuset, Ivar. Han av alle er frekk nok til å fortelje om kva som skal til for å lukkast i kjærleikslivet. Ja, ja. Ein kan prøve, den som vil: Ivar seier at ein må ta fullt ansvar for alt og innsjå at ein ikkje er den viktigaste. Ein må ta ansvar ikkje berre for hus og heim, men òg for stemning og tone i forholdet. Då får ein altså varme og eit godt og langt liv. Kloke ord som like gjerne kunne ha vore med i vigselritualet i kyrkja. Men kyrkja vil nok ikkje ta med siste del av sitatet, der det står at om du har gjort alt rett og ikkje får noko attende, er det ikkje verre enn at du får finne deg ei ny dame. Den sat, tenkjer eg. Ei fin bok om det å fiske og det å leve.»
Marte Myklebust skriv: «Denne tok eg på fyrste setning. Eg las nemleg akkurat denne passasjen høgt til mannen min på sengekanten ein kveld. Kvifor eg valde akkurat denne, skal eg ikkje spekulere vidare om! Ei særs god bok som eg hadde stor glede av å lese!»
Hilde Frigstad skriv: «Så kjekt at du trekker frem denne boka, den er utrolig bra!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.