Til glede for lesarar som ikkje kan få nok av å løyse litterære gåter, vil me i dag byrje med ei lita bonusoppgåve, nemleg: I historia om forfattarane Oscar Wilde, James Joyce og Samuel Beckett finn me (minst) to hendingar dei tre har til felles. Kva tenkjer eg på?
Før eg avslører løysinga, kan eg opplyse om at boklækjaren nok ein gong har vore på eit lærerikt seminar. Og dei faste lesarane veit at når eg er på ekskursjon, høyrer det med til opplevinga å oppsøkje gravstadene til kjende litteratar frå plassen eg vitjar. Når eg no kan fortelje at studieturen denne gongen gjekk til Dublin, er det nok fleire som kan merke ei mistenkeleg lukt av lunte.
Om ein følgjer Wilde, Joyce og Beckett frå vogga til grava, har det seg slik at alle tre er fødde i Dublin, og alle tre er gravlagde utanfor heimlandet. Siste kvilestaden til James Augustine Aloysius Joyce finn me i Zürich, medan minnesmerka etter Oscar Fingal O’Flahertie Wills Wilde og Samuel Barclay Beckett er plasserte på kvar sin kyrkjegard i Paris.
For folk som framleis har mot til å fare til Dublin, kan eg røpe at væskemangel truleg ikkje vert eit problem.
Også denne gongen fekk me inn eit feilfritt svar frå Laurits Killingbergtrø. Han skriv: «Forfattaren er den tyskspråklege sveitsaren Robert Walser, og boka hans frå 1909 hadde tittelen Der Gehülfe. Hovudpersonen heiter Joseph (Josef) Marti og blir tilsett som assistent i det tekniske kontoret til ingeniør Karl Tobler. Den norske omsetjinga av Sverre Dahl kom i 2001 med tittelen Assistenten. Robert Walser vart fødd i Biel i 1878 og døydde i Herisau i 1956, same året som spanske Juan Ramón Jiménez vann Nobelprisen i litteratur. Eg ’måtte’ lese heilt til side 51 for å finne førenamnet. Da er det fru Tobler som røpar namnet med utbrotet ’Men Karl, da!’, etter at mannen har skjelt ut nokon som ’skvaldrehoder’. Men elles fører dei eit bra kontrollert og venleg språk i talemålet sitt i denne boka.»
Eli Hegna skriv: «Mange store forfattere, blant andre Franz Kafka og Herman Hesse, var beundrere av forfatteren Robert Walser. Svært lenge en ukjent forfatter som var mest produktiv før første verdenskrig. Forfatteren har fortalt at han skrev romanen Assistenten i løpet av seks uker i forbindelse med en litterær konkurranse. Boka har selvbiografiske trekk. Robert Walser hadde psykiske problemer og ble i 1933 overført til en psykiatrisk institusjon hvor han oppholdt seg til han døde i 1956 – skrivingen avtok gradvis. Han døde av slag under en vinterlig spasertur utenfor asylet hvor han bodde. Uff – for en skjebne.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.