Klok på bok
Det står om livet
Førre veka kom det fram at boklækjaren hadde vore på ein ny studietur, denne gongen til Dublin. I den fiktive brevkassa her i bokstova har det vore eit renn etter fortrulege forteljingar frå ekskursjonen. Som nesten alle veit, er det slik at når eg er på reise, vert det som skjer, verande der det skjer, men ingen regel utan unnatak.
Ein fiktiv lesar som ynskjer å vere anonym, undrar seg over kva me flira mest av under siste seminaret i Irland. Under tvil kan eg røpe at latteren sat særs laust då ein av deltakarene fortalde at det hadde vore ein kritisk elektrikar for å sjå på installasjonane i heimen. Meldinga frå den fagutdanna figuren var krystallklår: «Dette går ikkje. Du lyt skaffe deg ein undermålar!» Det skal ikkje all verda av fantasi til for å førestille seg korleis ein kan spinne vidare på dette kravet.
Før me går laus på løysinga, lyt eg dementere eit rykte. Det finst folk som seier at boklækjaren synest godt om å gå lange turar i fjellet. Det er berre ei vandresegn.
I løysingsboka denne gongen står det om livet. Ja, heile livet til Andreas Egger får me høyre om. Gunder Runde skriv: «Frå mitt utsynspunkt frå hornet på veggen i Ulsteinvik kan eg berre applaudere: framifrå val til Kpb 1527! Forfattaren, Robert Seethaler, vart fødd i Wien i 1966. I tillegg til å vere forfattar er han også skodespelar og regissør. Tre av bøkene hans er omsette til norsk, dagens bok har originaltittelen Ein ganzes Leben, i norsk språkdrakt: Et helt liv. (NB, tittelen må ikkje forvekslast med Et helt halvt liv, det ville ha vore ei fornærmande forveksling, sett frå Seethalers side.) Det er trufaste tysk-omsettar Ute Neumann som har ansvaret for den norskspråklege utgåva, framifrå arbeid som vanleg. I tillegg til denne boka er også Tobakkshandleren (nesten like god!) og Jordet utkomne på norsk. (Omtalen av Jordet skal eg gå nokolunde stilt forbi, ho er ein slags tysk variant av to mykje betre bøker, nemleg Under Milk Wood av Dylan Thomas og Spoon River Anthology av Edgar Lee Masters, men fell dessverre heilt igjennom samanlikna med desse.) Hovudpersonen i Et helt liv heiter Andreas Egger, han har ein spesielt vond barndom, vert mishandla av fosterfaren, men greier seg likevel godt etter kvart. Sitatet i dagens avis er nok mynta på den store kjærleiken hans, Marie, som dessverre døyr i eit snøras etter eit kort samliv. Marie lever i tankane hans resten av livet. Spesielt rørande er skildringa av korleis han organiserer frieriet til Marie, storslagent og fantasirikt. Andreas lever nesten heile livet i den vesle alpebygda, men vert innkalla til militærteneste under andre verdskrigen og hamnar i fangeleir i Sovjet i seks år, før han kjem tilbake til bygda. Så prøver han seg som turistguide ei tid, før han dreg seg tilbake til den vesle hytta si, der han døyr i februar, like stillfarande som han har levd. Ei rørande/glitrande bok. Det er godt at det framleis finst bøker av denne typen. Eg assosierte først og fremst til Stoner av John Williams og Advent av Gunnar Gunnarsson. Og elles bør eg vel nemne at vår eminente litteraturgruppe røysta inn Et helt liv som beste bok i haustsemesteret 2017. Endå eit kvalitetsstempel!»
Anne Berit Skaarer skriv: «Hjertelig takk for dette boktipset, det er en innertier!»
Gunnar Bæra skriv: «Knakande god bok!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.