Den kvite fine vinterenDu trudde kanskje han var borte, men så dukka han opp att; den kvite vinteren slik du hugsa han frå du var liten. Slik Jokke & Valentinerne syng om: «Her kommer vinter'n, Her kommer den kalde fine tida / Her kommer vinter'n. Endeli
Du trudde kanskje han var borte, men så dukka han opp att; den kvite vinteren slik du hugsa han frå du var liten. Slik Jokke & Valentinerne syng om: «Her kommer vinter’n, Her kommer den kalde fine tida / Her kommer vinter’n. Endelig fred å få.»
Fjellheimen bugnar av snø. Svært mange stader (bortsett frå Bergen naturlegvis) vart jola kvit og freistande for den som likar å utfalda seg på ski. Snøen som kom, var stort sett av den luftige pudderkvaliteten. Det er ikkje grenser for kor mange flotte bilete som har strøyma ut på sosiale medium og i pressa av folk, snø og vakkert vêr. Rykta seier at det skal vera slik ei stund. Vêrprofetar Innsida har vore i kontakt med, lovar oss ein kvit vinter med godt høve til artig skileik.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.