Klok på bok

Delte meiningar

Publisert Sist oppdatert

Det kan verte litt nifst når det berre er éi meining om noko. Samstundes finst det folk som er så sikre i si sak at ulike eller motsette meiningar framstår som noko skummelt. Her i bokstova vert me ikkje urolege når me konstaterer delte meiningar, tvert imot, me set stor pris på at innsendarane vil dele meiningane sine med oss.

Eit døme på delte meiningar kunne vere løysingsboka denne gongen. Fleire innsendarar enn normalt var skeptiske, ikkje minst Inge Strand, som skriv: «Eg er i stor tvil om eg kjem til å følgje opp denne forfattarskapen ...» Eit lakonisk svar fekk me frå Nils Farstad. Han skriv: «Ikkje ein roman eg vil sette høgt på prioriteringslista.»

Me fekk ikkje svar på oppgåva frå Vidar Kvalshaug denne veka, men på nettstaden Bok365.no skreiv han om boka: «Dette burde leses av alle» og: «Forfatterblikket er skarpt. For en menneskekjenner hun er, for en menneskedikter.» Bokmeldar Hilde Vesaas i avisa du les no, skreiv mellom anna fylgjande om løysingsverket: «om Nordenhof greier å halde dette høge nivået, varslar Penger på lomma om eit nytt storverk i nordisk litteratur.»

Ja, det var Asta Olivia Nordenhof me skulle fram til i dag, og kan hende går ikkje Asta Olivia gråtande i seng sjølv om ikkje alle klokingane var begeistra for boka hennar. Trøyst kan ho jo finne i heimlandet Danmark. Der skreiv bokmeldar Mikkel Krause Frantzen i avisa Politiken: «Hvordan skriver man en socialrealistisk, politisk roman om kapitalisme i det 21. århundrede? Sådan skriver man den!» Eller ho kan finne oppmuntring i at ho fekk Per Olov Enquists pris og EUs litteraturpris 2020 for romanen. Og at ho vart nominert til Nordisk råds litteraturpris 2021 for boka.

Inger Anne Hammervoll skriv: «Vi har fin gamaldags vinter på Møre, men snøen har nok falle litt meir kontrollert her enn den tydelegvis har på Sør- og Austlandet. Gamle kjerringer som meg må ut og trimme med snøskuffa. Det er eit arbeid som gir eit resultat som visest, så det er i grunnen meiningsfylt. Å leite etter svar på oppgåva i bokhjørnet er også meiningsfullt. Alle vegar fører til Rom, og somme innsendarar verkar å ha skikkeleg system i etterforskinga si. Min ’metode’ er å flakke rundt på nettet i håp om å finne spor å følge. Somme gonger rotar eg meg heilt vekk, men bortkasta er ikkje det heller, eigentleg, for eg dumpar borti mange interessante bøker og forfattarar undervegs. Sonen heiter Flemming, forfattaren er Asta Olivia Nordenhof og tittelen på verket er Penger på lomma

Folke Kjelleberg skriv: «Sitatet er henta frå romanen Penger på lomma, utgjeven på Oktober i 2021 og omsett av Trude Marstein. Forfattar er danske Asta Olivia Nordenhof. Ho er fødd i København i 1988, same året som islandske Thor Vilhjalmsson vann Nordisk råds litteraturpris. Den mannlege hovudpersonen i romanen, Kurt, har tre born. Namnet på sonen er Flemming.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement