De SadeFolk døyr. Det er det dei gjer, og det kan ikkje vere annleis. Men når nokon døyr innan ho eller han vann å bli ferdige med det dei ville nå her i livet, kjem det ein dimensjon av noko urettvist inn i biletet. Det er som om verkelegheita ikkje verka

Publisert

Folk døyr. Det er det dei gjer, og det kan ikkje vere annleis. Men når nokon døyr innan ho eller han vann å bli ferdige med det dei ville nå her i livet, kjem det ein dimensjon av noko urettvist inn i biletet. Det er som om verkelegheita ikkje verkar. Ho verkar i alle fall ikkje slik me forventar at ho skal verke.

Eg stod og pakka kofferten, var på veg til Argentina og Uruguay, då eg fekk beskjed om at hjartet hadde stoppa for godt hos ein ven frå tida då me båe gjekk på gymnaset. Venen min var ein særs talentfull teiknar, han elska skjønnlitteratur og me kunne bruke mange timar på å diskutere innhaldet i bøker ingen av oss hadde lese. No er han ikkje meir, og alt eg kan gjere med det er å pakke ein koffert.

No var det uansett ikkje planen at eg heilt skulle unngå dauden som tema i Sør-Amerika. I Klok på bok 1300 var det forfattaren Ernesto Sábato me skulle fram til, og nett Sábato har eg tenkt meg å oppsøkje når eg er på gravsafari i Buenos Aires. Han ligg berre ein liten time utanfor hovudstaden, og eg tek sjansen på å helse frå alle lesarane som har eit forhold til romanen Tunnelen.

Så til løysinga på oppgåve 1329. Marit Lindberg skriv: «Sanneleg er det vidt spenn i Klok-oppgåvene! Nå meiner eg vi skal til Frankrike. Forfattaren Donatien Alphonse-Franqois de Sade (1740–1814) er kalla ’en av de store pornografiske mestere’, og vekas sitat meiner eg han er meister for. Det er mykje interessant å lese om han i boksoga mi, mellom anna at ordet sadisme stammar frå etternamnet hans. Han gav uttrykk for ’sosial harme, politisk vandalisme, fortvila opprør mot skaperen og all frihetshemmende religion’, og skildra dessutan ’ytterliggående erotiske kroppsbevegelser’. Sitatet må vere frå boka Justine eller Dydens ulykker, som kom ut i 1787, og var forboden i 150 år. Jens Bjørneboe har stått for omsetjinga, kven elles?»

Olav Holten skriv: «Dette vart løysing ’via/via’. Først gjekk tankane mine til Vaclav Havel, men Fløyelsrevolusjonen kom etter 1986. Og noka skandalebok gav ikkje han ut. Så til Russland: Leo Tolstoj og Anna Karenina. Den boka var vel litt skandaløs for samtida. Så datt tankane mine ned i bøker og ein forfattar som en prest ikkje skal ha kjennskap til. Sadismens fader og det fæle livet han førte. Ein trong sikkert fleire ’markiser’ for å halde hans utsvevande liv på avstand.»

Skjerm over vindauge eller ikkje, desse såg løysinga på oppgåve 1329: Jon Grepstad, Laurits Killingbergtrø, Gunn Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunder Runde, John Olav Johnsen, Laura Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Inger Anne Hammervoll, Sjur Joakim Fretheim, Petter Kristensen, Bjørn Myrvang, Birte Næsheim, Eirik Holten, Marit Lindberg, Olav Holten, Eli Hegna, Per Skjæveland, Else Bovim, Ståle Ritland, Bjørn Gjermundsen, Odd Storsæter, Nils Ottesen, Nils Farstad, Ingebjørg Sogge, Jan Alfred Sørensen, Audun Gjengedal, Signar Myrvang, Else Gjesdahl Sørensen, Torleiv Kløve, Turid Tirevold, Kari Lønning og Ottar Aarø, Anne-Marie Grønhaug, Ove Bjørkhaug, Folke Kjelleberg, Asbjørg Apalset, Audun Sjøstrand, Cyno Grassator, Robert Øfsti, Eva Sunde, Marianne Dahl, Fritjof Lampe, Tvillingene, Torleik Stegane, Olav Molven, Gjertrud Fanebust, Oda Cornelia Knudsen, Per Arne Glorvigen og Truls Johan Horsberg Hoff. I dag er det Gjertrud Fanebusts tur til å ha tur og vinne bokpremie. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement