DAGENS OG TIDAS NÆRINGSLIVKvifor er det så vanskeleg å bli rik for vanlege Dag og ? Kvifor er det så dyrt å bu i ein by? Har Sigrid eigedelar for over 20 millionar? Økonomi og finans er ikkje fagfeltet vårt. Men pengar er noko dei fleste må hanskast med, o

Publisert

Kvifor er det så vanskeleg å bli rik for vanlege Dag og Tid-lesarar? Kvifor er det så dyrt å bu i ein by? Har Sigrid eigedelar for over 20 millionar? Økonomi og finans er ikkje fagfeltet vårt. Men pengar er noko dei fleste må hanskast med, og vi er vel ikkje vesentleg dårlegare skodde enn andre finansjournalistar? Denne Innsida vil bli via til eksklusive økonomiråd, karrieretips og ein guide til skattemeldinga.

Pengar utgått på dato

Tenk på dei koselege konvoluttane med pengar du har oppbevara sidan du var barn. Tenk på pengane i kommodeskuffa som du tente på å plukke ugras i fem dagar i 1995. Tenk på konfirmasjonspengane som ligg i ein trekopp på hylla heime hjå foreldra dine. Sjokk! Dei er verdilause! I går, den 31. mai, gjekk 100- og 200-setelen ut på dato. Fleire butikkar og bankar tek ikkje lenger imot dei gamle setlane. Heldigvis opererer Norges Bank med eit best-før-men-ikkje-dårleg-etter-prinsipp, og ein kan få byte inn dei gamle setlane i ti år framover. Men for mange av oss det er litt uvisst kvar den næraste Norges Bank-filialen ligg.

På den nye 100-lappen blir Kirsten Flagstad erstatta med eit vikingskip, både det gamle og det nye motivet kan seiast å vera i ein wagnersk tradisjon. Kristian Birkeland på 200-lappen blir bytt ut med ein torsk, her synest vi det er vanskelegare å sjå ein raud tråd. Samtidig er det artig at tilsette på butikkane nå kan seia «det kostar eit par torskar», som gjev ein klang av gamal stordomstid.

Vi er likevel djupt krenka og føler oss diskriminerte over at havet er tema for setelserien. Vi ber difor innstendig om at neste serie (om ikkje kontantar blir avvikla før den tid) må ha innlandet som tema. Det er nok av motiv å ta av. Stupetårn, OL-ringar, moskus og avvikla skytefelt. Vi nemner i fleng.

Slik får du feriepengane til å vara

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement