Carl Frode og Synnøve Her i det gåtefulle vonar me alle lesarane kom inn i det nye året utan for mange skrubbsår og utan for mykje eld i håret. Nyttårsfeiringa kan fort få uheldige fylgjer for utsjånaden, og hjå frisørsalongane er det travle dagar med å re
Her i det gåtefulle vonar me alle lesarane kom inn i det nye året utan for mange skrubbsår og utan for mykje eld i håret. Nyttårsfeiringa kan fort få uheldige fylgjer for utsjånaden, og hjå frisørsalongane er det travle dagar med å rette opp i permanent som viste seg å ikkje vere det. Det er neppe nokon tvil om at uttrykket «som eld i tørt hår» stammar frå ei nyttårsfeiring.
For å få runda av denne hårsnakken tek eg med noko Helge Brandal frå Hareid skreiv på Twitter i romjula: «Bestefar fortalte ein gong at ein fyrbøtar på Svalbard blei so skamklipt at dei måtte slå han i hel.» «Hårda bud», som svenskane seier.
Så til løysinga på oppgåve 1318. Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg har ofte vorte imponert over innsendarar til KPB som berre har gått bort til bokhylla si og fiska ut rette boka med ein gong. Lese ho har dei òg. Desse må ha ei fyldig boksamling, tenkjer eg; eller kva, Gunder? Men denne gongen opplevde eg det same. Innsirkling av Carl Frode Tiller står i bokhylla mi, ja. Da eg las ho, vart eg fascinert av den noko detaljfylte forteljemåten som Tiller nyttar. God nynorsk skriv han òg, namsosingen. Boka kom i 2007, og alt i 2011 fekk eg høve til å repetere stoffet da boka kom som spelstykke på Det Norske Teatret. Det var ei god dramatisering, tykte eg da. Omframt artig var det – særleg for oss trønderar – at alle skodespelarane på éin nær framførte replikkane sine på trøndersk! I tekstklippet i Dag og Tid er det Silje som er eg-personen, og mora hennar heiter Oddrun.»
Desse sirkla seg inn på Carl Frode og Oddrun i oppgåve 1318: Tove Knutsen og Idar Lind, Gunn Bull-Berg, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Ingrid Marie Myklebust, Torleiv Kløve, Jens Erik Romslo, Inger Anne Hammervoll, Petter Kristensen, Per Olav Skjevdal, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Kari Aga, Gunder Runde, Ingvar Engen, Bjørn Myrvang, Sjur Joakim Fretheim, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnar Bæra, Rannveig Nordhagen, Birte Næsheim, Ingebjørg Sogge, Audun Gjengedal, Robert Øfsti, Fritjof Lampe, Tor Inge Myren, Eva Sunde, Torleik Stegane, Eirik Holten, Anne-Marie Grønhaug og Olav Holten. Siste bokvinnar i 2017 vart Per Skjæveland. Gratulerer!
Denne gongen er det to oppgåver me skal presentere løysinga på. I oppgåve 1319 var det Synnøve Macody Lund og debutroman hennar Personar du kanskje kjenner me skulle fram til. I ei bokmelding i Aftenposten omtalar Ingunn Økland forfattaren Macody Lund som ein «stilfull debutant», og boklækjaren vil kontrasignera den skildringa.
Personar som heilt sikkert fann løysinga på oppgåve 1319: skeisebibliotekaren i LASK, Audun Gjengedal, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Turid Tresselt Melheim, Rannveig Nordhagen, Eli Hegna, Vilde Prestø Johansen, Sjur Joakim Fretheim, Fritjof Lampe, Else Bovim, Eva Sunde, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Tove Knutsen og Idar Lind, Folke Kjelleberg, Inger Margrethe Berge, Ingebjørg Sogge og Birte Næsheim. Første bokvinnar i 2018 er Folke Kjelleberg. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.