CampinglivNei då, det er på ingen måte slik at eg har noko romantisk-nostalgisk forhold til campingferiar. For å sitere meg sjølv frå ein tidlegare samanheng: «Dersom barndommen din er prega av campingferie, så trur eg du blir kurert for resten av livet. D

Publisert

Nei då, det er på ingen måte slik at eg har noko romantisk-nostalgisk forhold til campingferiar. For å sitere meg sjølv frå ein tidlegare samanheng: «Dersom barndommen din er prega av campingferie, så trur eg du blir kurert for resten av livet. Då vil du seinare føretrekke kva som helst anna.»

Men no, då sommaren vel må seiast å vere over, kan ein tillate seg å tenkje at det var jo kanskje nokre få fine augneblinkar midt oppi campingferiehelvetet. Når teltet endeleg var slått opp, etter mykje om og men, og primusen ein sjeldan gong fungerte, kunne ein nyte brødskiver med oppvarma Snurring til. (Og er du så kulturlaus at du ikkje veit kva Snurring er, så får du google!) Og gjerne nippe til eit glas saft, mens myggen beit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement