Buskerud – ein analyse (Sigrid)Store delar av turen mellom Førde og Oslo gjekk gjennom Buskerud — eit fylke eg hadde høyrt om, men var usikker på om verkeleg eksisterte. Reisa gjennom det forjetta fylket resulterte i mange nye opplevingar.

Flå og Hemsedal sine kommunevåpen
Flå og Hemsedal sine kommunevåpen
Publisert

Store delar av turen mellom Førde og Oslo gjekk gjennom Buskerud — eit fylke eg hadde høyrt om, men var usikker på om verkeleg eksisterte. Reisa gjennom det forjetta fylket resulterte i mange nye opplevingar.

Sak 1: Dal i dalen

Hemsedal er ein kommune som ligg lengst nord i Hallingsdalen. Dette synest eg er veldig forvirrande. Ein dal i dalen? Er Hemsedal ein frittståande dal, eller berre ein bit av Hallingdalen med eit konkurrerande namn? Det er omtrent like avansert som at Ottadalen er ein del av Gudbrandsdalen.

Sak 2: Rovdyrtema

Dei som synest det er for lite rovdyr i Noreg, har neppe vore i Buskerud. Her har rovdyra til og med funne vegen inn i heraldikken, og er blant dei øvste bragdene enkelte kommunar har å skilte med. Hemsedal har ei utspekulert gaupe med eit lurt smil i kommunevåpenet sitt. Det er sanneleg ikkje godt å veta kva ho pønskar på.

Flå har ein brutalistisk bjørn i kommunevåpenet. Han har sinte augo og er heilt raud rundt munnen, truleg etter å kaldblodig ha myrda og flådd søte små lam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement