Buddha og brennevinDenne gongen er det Helge som er i brennpunktet her i bokstova. Mange oppgåveløysarar fann fram til diktsamlinga som var løysinga på Klok på bok 1323, men det var berre Tor Inge

Publisert

Denne gongen er det Helge Torvund som er i brennpunktet her i bokstova. Mange oppgåveløysarar fann fram til diktsamlinga som var løysinga på Klok på bok 1323, men det var berre Tor Inge Myren som torde spørje etter noko eg trur brann på tunga til fleire. Han skriv: «Landar nokså raskt på Helge Torvund med Alt brenner. Stussar på tittelen. Transitivt og intransitivt. Kan du (eller forfattar Helge) gjere det klart for oss kvifor alt brenner og ikkje alt brenn?»

Boklækjaren tok kontakt med forfattar Helge og presenterte undringa. Eg fekk følgjande svar: «Det var to faktorar som spelte saman. 1. Eg stod inne i ein bokhandel og slo tilfeldig opp i ei bok om Buddha, og der stod hans tale: Alt brenner. Eg var ute etter ein tittel til 3. boka i trilogien, etter Alt er høy, og Alabama? – og der var tittelen. Alt brenner, skal ho heite, det bestemte eg der og då. 2. Når eg snakkar jærsk, seier eg ’alt brenne’, og fram til 2012 stod ’brenner’ i klammeform, og i mi ordbok frå 1986 står det til og med som IV under oppslagsordet: ’brenne, brenner, brende, brent 1 øyde, gjere til inkjes med eld, brenne opp noko 2 lage brennevin med destillering’. Slik er forklaringa. Eventuelt kan du skriva at forfattaren seier det kom frå Buddha og brennevin.»

Så var det på plass, og ingen kan med truverd påstå at ein ikkje vert klok på bok av å lese spalta her. Ein takk til Torvund for det fine svaret. Eg tek sjansen på å nemne at det kjem ei ny bok frå forfattaren no i februar. Tidslys, heiter ho.

Ein gjengangar blant dei kloke er Torleik Stegane. Han skriv: «Ein kjend russisk sjakkspelar heiter Anatolij Karpov. Han er fødd i 1951. Forfattaren vi skal fram til, er også fødd i 1951. Namnet hans er Helge Torvund. Torvund er best kjend som lyrikar og får stort sett berre gode meldingar for lyrikken sin i pressa. Også for verket vi skal fram til i dag, nemleg diktsamlinga Alt brenner

Desse brann ikkje inne med svar på oppgåve 1323: Gunn Bull-Berg, Skeisebibliotekaren i LASK, Solfrid Vestli, Tor Inge Myren, Laurits Killingbergtrø, Inger Anne Hammervoll, John Olav Johnsen, Per Skjæveland, Eirik Holten, Robert Øfsti, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Eli Seim, Gunder Runde, Per Olav Skjevdal, Kirsten Bakke, Olav Holten, Mette Ulland Lund, Per Trygve Karstensen, Ellen Lian, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Gjertrud Fanebust, Sissel Gunnarshaug, Bjørn Gjemundsen, Odd Storsæter, Beret Guldberg, Sjur Joakim Fretheim, Ragnhild Halsen, Ståle Ritland, Nils Farstad, Laura Killingbergtrø, Jarle Fanebust, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Marit Lindberg, Eli Hegna, Else Bovim, Fritjof Lampe, Rannveig Nordhagen, Turid Tirevold, Torleiv Kløve, Jorunn Øxnevad Lie, Torleik Stegane, Ingebjørg Sogge, Ingvar Engen, Petter Kristensen, Rolv Stølen, Eva Sunde, Tove Knutsen og Idar Lind, Olav Molven, Kari Lønning og Ottar Aarø. I dag er Laurits Killingbergtrø bokvinnar. Gratulerer!

Berre seks innsendarar, no med stjerne i boka, hadde rekna seg fram til kvifor eg la ut på ei reise til Röcken. Inger Anne Hammervoll skriv: «Kvifor bokdokteren har forvilla seg til eit seminar i Röcken, kan jo bero på dårleg planlegging, feil på den innebygde GPS-en eller ein upåliteleg reisevenn. Eller var det rett og slett for å sjå fødestaden til Friedrich Nietzsche?» Gode alternativ her, Inger Anne, kan hende var det ein kombinasjon av alle fire?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement