Breivikbotn – verd ein omveg?På Noregs fjerde største øy, Sørøya, ligg den vakre bygda og kommunesenteret Breivikbotn, med 324 sjeler og ein svært velutstyrt
På Noregs fjerde største øy, Sørøya, ligg den vakre bygda og kommunesenteret Breivikbotn, med 324 sjeler og ein svært velutstyrt Joker-butikk. I kjellaren held den legendariske fiskekakeprodusenten Krans Kjøken til, medan det i fruktdisken er ein eigen krok for å slappa av. Serveringa er naturlegvis kaffi og fiskekaker, men er du heldig, slik Arne Brimi og Aksel Lund Svindal var her om dagen, så får du òg dei svært lokale vaflane laga av måsegg.
Fersk fisk vert levert rett frå fiskaren på baksida av Joker-butikken, slik at dei ettertrakta fiskekakene – dei er berre å få i Finnmark – er superferske, kvar einaste dag. Sortimentet er nyleg utvida med ein eigen sørøyburger, som naturlegvis er laga av hyse, men supplert med litt av kvart av eksotiske saker som chili og ingefær. Alle oppskriftene er sjølvsagt hemmelege.
Sørøya er eit paradis for alle som likar å ta seg ein fisketur, men eit kulinarisk høgdepunkt er Joker i Breivikbotn.
Slikt er verd ein omveg, synes me i redaksjonen.
Olav H. Hauge i California?
I matsalen på det vesle motellet Deetjens, som kan skriva soga si i Big Sur i California attende til 1930, heng eit maleri som Innsida har funne spanande. Det er noko uklårt for dei som er der i dag kven det er som er portrettert. Men for oss er saka heilt tydeleg: Dette er då diktarhøvdingen Olav H. Hauge frå Ulvik i Hardanger. Om han har vore der, eller dei berre har vorte inspirerte av dikta hans, har ikkje Innsida klart å få stadfesta. For alle som likar Olav H. Hauges dikt, er det utvilsamt god stemning i å nyta skikkeleg heimelaga kost rett under det vakre portrettet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.