Klok på bok
Bod frå Brecht
No er det ei god stund sidan sist boklækjaren kunne levere referat frå litterær kyrkjegardsvitjing, eller gravsafari, som det heiter her i bokstova. For å ikkje skuffe lesarar som medvite eller umedvite har sakna rapportar frå kyrkjegardar, tok eg turen til Berlin for å seie takk for alt til Bertolt Brecht.
Det var solskinsvêr i den tyske hovudstaden då eg fann fram til Dorotheenstädtischer Friedhof og gravsteinen til Brecht. Kan hende var det varmen som syrgde for at samtalen mellom Bertolt og boklækjaren flaut så fint. No, vel, samtalen er nok å ta i, eg mumla noko om «Vielen Dank», medan det frå diktaren og dramatikaren var stilt som i grava.
Det kan ha vore innbilt, men eg oppfatta det slik som at Bertolt Brecht ville at eg skulle ta med ei helsing og eit bod heim til lesarane. Bodet er frå Tolvskillingsoperaen, og det er Halldis Moren Vesaas som står bak gjendiktinga: «For vondskapen i verda er stor, og ein må springe beina av seg om dei ikkje skal bli stolne frå ein.»
Med beina intakte spring me vidare til løysinga me skulle fram til i dag. Gunder Runde skriv: «I lang tid har eg gått og venta på at boklækjaren skulle heidre Dag og Tids trufaste medarbeidar Andrej Kurkov med å gi han plass i den eksklusive spalta Klok på bok. Endeleg: I dag var det hans tur! Sist sundag fylte han 62 år, så dette kan me kanskje sjå på som ei litt forseinka fødselsdagsgåve. Kurkov er ukrainsk, og ein svært kjend forfattar i heimlandet. Romanen Døden og pingvinen, som utdraget i dagens avis er henta frå, var gjennombrotet hans som forfattar, omsett til norsk allereie i 2006, men han vekte ikkje spesiell oppsikt her heime den gongen. No er Kurkov særs aktuell også her i landet, boka Dagbok frå ein invasjon er nyleg utgitt på norsk, ho er samansett av ulike tekstar frå fleire utanlandske aviser og handlar om krigen i Ukraina. Nyleg kom også romanen Grå bier frå 2018 ut på norsk. Kurkov er russiskspråkleg, men har heilt frå 2013 tatt avstand frå den russiske aggresjonen mot Ukraina. Han har vore president i den ukrainske avdelinga av PEN. Sjølv om han tidlegare har vore litt omdiskutert i heimlandet fordi han har russisk opphav, har han under krigen tatt så sterk avstand frå Russland at han no er fullt og heilt akseptert som ’ekte’ ukrainar. Og så var det det utkantdiskriminerande tilleggsspørsmålet. Ulstein bibliotek har ikkje boka, ho er heller ikkje tilgjengeleg på BookBites, og Nasjonalbiblioteket vernar sine skattar med hard hand. Då er det berre éin utveg att: Norli bokhandel. Eg snik meg inn i hylleområdet rundt K, finn boka der og snusar meg fort fram til løysinga (blar bakanfrå, etter nødvendig tips frå redaktøren). Spelelokalet det er snakk om, er kasinoet ’Johnny’.»
Eli Hegna skriv: «Andrej Kurkovs Døden og pingvinen er en ukrainsk klassiker. På samme tid trist, satirisk og full av surrealistiske elementer og svart humor.»
John Dag Hutchison skriv: «Takk for at du fekk meg til å lese denne herlege boka!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.