BerlinMe veit alle saman kva heismontøren svarar når ein spør korleis det går på jobben. Same responsen nyttar boklækjaren når folk spør meg om kor mange svar eg får på Klok på

Publisert

Me veit alle saman kva heismontøren svarar når ein spør korleis det går på jobben. Same responsen nyttar boklækjaren når folk spør meg om kor mange svar eg får på Klok på bok-oppgåvene. Denne gongen gjekk det ned. Frå over 50 rette svar på Philip Roth, er det i dag berre 14 namn på lista over klokingar. Det er med blanda kjensler eg konstaterer at når det kjem til å vere vriompeis, har eg med oppgåve 1342 sett ny verdsrekord i mi tid her i bokstova.

No trur eg ikkje Torleiv Kløve har vore landet rundt og lånt alle eksemplara av dagens løysingsbok, men sist veke spurde han om det var OK å låne løysingsboka med seg heim frå biblioteket. Inger Anne Hammervoll har eit fint svar: «Når det gjeld den ’etiske’ konflikten Torleiv Kløve nemner, så er mi anbefaling at han låner dei bøkene han ønskjer, når han ønskjer det, utan omsyn til at andre boklånarar muligens har bruk for boka. Dei (andre) skal vere glad for at dei har eit bibliotek innanfor rekkevidde, samt bibliotekar(ar) å spørje. Men han Kløve er tydelegvis ein snill og omtenksam person, og det er han framleis, sjølv om han låner boka ’mi’.»

Så til Berlin og løysinga denne gongen. Ingebjørg Sogge skriv: «Denne veka har eg leita lenge etter vatn på den andre sida av bekken. Eg tolka ’forteljingar’ som skjønnlitterære produkt, men fann ingen som høvde med oppgåveteksten. Ekstra irriterande var det ettersom eg kjente att sitatet. Så fall blikket på dei nære ting, altså bokhylla. Der stod boka. Forteljingar kan også vera journalistiske/dokumentariske, og det er akkurat det Berlinhistorier av Astrid Sverresdotter Dypvik er. Ho har intervjua folk som opplevde tida bak muren, og teiknar eit levande bilde av det ekstraordinære livet i den delte byen under den kalde krigen. Vår mann med den mørke og våte skjorta vil vekk, og har valt Teltowkanalen som fluktrute. Korleis det går, skal ikkje røpast her, men eg vil sterkt anbefale både denne boka og Det var DDR, som Dypvik har gjeve ut tidlegare (nominert til kritikarprisen). Forfattaren, som er historikar og journalist, har funne interessante intervjuobjekt og evnar å legge liv til lagnadene i ein av Europas mest spesielle byar og det ho kallar eit nedlagt land. Astrid Sverresdotter Dypvik er no journalist i Nationen.»

Laurits Killingbergtrø skriv: «Astrid Sverresdotter Dypvik er frå Lensvik. Det gleder eit trønderhjarte at det framleis er fleire trønderske forfattarar som vel å skrive på nynorsk, eit halvt hundreår etter at nynorsken vart luka ut frå grunnskulen dei fleste stader i landsdelen. Som eit par døme kan nemnast suksessforfattarane Carl Frode Tiller og Idar Lind. Den siste er attpå til så glup til å løyse bokgåter òg at. På boklista frå Samlaget 2017 er også Magnhild Folkvord representert. Takk, det var sjåvinismen for denne gongen.»

Desse kjenner dei rette kanalane og fann fram til svaret på oppgåve 1342: Torleiv Kløve, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Tor Inge Myren, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Sjur Joakim Fretheim, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Marit Lindberg, Turid Tirevold, Fritjof Lampe, Olav Molven og Ingebjørg Sogge. Bokvinnaren i dag heiter Jan Alfred Sørensen. Gratulerer!

Kan hende har eg ymta om det før, men sidan det er ein god ting og Gjerdåker ikkje har fått det med seg: Oppgåve 1341 var spalte nummer 100 frå boklækjaren. Medan eg framleis ventar på beskjed om bonus frå bladstyraren, trøyster eg meg med desse godorda frå den vidkjende vandraren Olav Molven: «Gode Jubilant! Eg hadde sjølvsagt sett av på ein huskesetel at De passerte 100, men lappen kom bort. Så no ber eg om orsaking for gløymsla. Hjarteleg til lukke med høgdepunktet! Tapper, langvarig innsats fortener ros. Hurra for Medikus Libri! PS Etter gymnastikken i dag tidleg var vi åtte menn som song (høgt) i dusjen, på strilemål. Sterkt!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement