Klok på bok
Beat for beat
Dei faste lesarane av spalta du les no, veit at her i bokstova er me meir enn middels glade for røvarhistorier. Denne gongen tek me med noko som skal ha skjedd i ei anna tid, lenge før det fanst røykelovar.
Me skal til slutten av 1950-talet, og det er forfattaren Dom Moraes som i boka My Son’s Father skriv om ein togtur saman med beat-poetane Gregory Corso og dagens hovudperson, nemleg Allen Ginsberg. Trioen er på veg frå London til University College i Oxford for å sjå nærare på skulpturen «The Shelley Memorial» etter poeten Percy Bysshe Shelley.
Straks dei var på plass i kupeen, fyrte dei to amerikanarane opp sjølvlaga marihuanasigarettar, som om det var noko heilt naturleg å gjere. Då konduktøren kom til kupeen dei sat i, kommenterte han at det var ei rar lukt der inne. Dom Moraes forklarte at det var amerikanske sigarettar, noko billettkontrolløren måtte medgje at han aldri hadde smakt. Corso og Ginsberg insisterte på at han laut prøve ein, og gav konduktøren ein «amerikansk sigarett» som han dampa laus på medan han fortsette med kontrollrutinane innover i toget.
Gunder Runde skriv: «Spennande og uventa oppgåve i dag! Antologien som det er tale om, har tittelen Beat, og finst i to utgåver. Den som vi leitar etter, er redigert av Jan Erik Vold. Og diktet har tittelen Etter Olav H. Hauge, og forfattaren er sjølvaste Allen Ginsberg (1926–1997), kanskje den best kjende av dei såkalla beat-poetane. Ginsberg var av jødisk opphav, og debuterte (og slo igjennom) med samlinga Howl i 1955, utgjeven året etter, og omsett til norsk i 1968. Samlinga vekte stor oppsikt, og var ei tid beslaglagd av politiet. Etter ei rettssak i 1957 vart samlinga ’frigitt’. Det var særleg Ginsberg openhjartige skildring av homofil aktivitet som gjorde at dikta var sett på som ’uanstendige’ i heimlandet USA. Ginsberg var buddhist, og sterkt påverka av den tibetanske buddhisten Trungpa. Han var sterkt kritisk til den amerikanske imperialistiske politikken som han meinte USA førte, ikkje minst Vietnamkrigen.»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Ikkje berre grei, oppgåva denne gongen, med fleire nemnde titlar og forfattarar. Eg leitte meg fram til at antologien frå 1994 har tittelen Beat. Som forfattar/ utgjevar er nemnd både Jan Erik Vold og Jón Sveinbjørn Jónsson, men ingen av dei er fødd i eit år med italiensk nobelprisvinnar. Men no grin sikkert Medikus på nasen av dårskapen min. For ja visst, det står da klart at det er forfattaren av det siterte diktet det spørst om. Da blir namnet Allen Ginsberg, fødd 1926, det året italienske Maria Grazia Cosima Deledda vann prisen fordi ho skildra livet på øya si med slik ’plastisk klarhet’.»
Robert Øfsti skriv: «Ikkje visste eg at Allen Ginsberg hadde vore i Noreg, og ikkje at han var Glimt-supportar eller at Olav H. Hauge hadde Håkonson som mellomnamn. Men sånn er det.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.