Klok på bok
Bagatellguden
Det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Etter fleire mislukka freistnader på å peike ut ein kommande vinnar av Nobelprisen i litteratur valde Klok-redaksjonen å sitte heilt stille i båten denne gongen. I ettertid kan me sjølvsagt påstå at det var nettopp Annie Ernaux me trudde ville vinne, men då lyt lygekrossen vere på plass.
No er ikkje årets vinnar fullstendig framand for dei faste lesarane av spalta her. I januar var nemleg boka Årene av Ernaux løysinga på oppgåve 1515. Men når rett skal vere rett, og det skal det jo, kan ikkje boklækjaren ta heile æra for at me presenterte eit verk av prisvinnaren så tidleg på året. Sanninga er at eg til stor glede fekk denne fine boka som jolegåve i fjor. Hermed ein ekstra takk til nissen på Vestlandet og eit stort til lukke med velfortent nobelpris i litteratur til Annie Ernaux.
Så skal me avsløre løysinga me skulle fram til denne veka. Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Denne gongen vil eg takke deg særskilt for at eg, bokvegraren, har vorte ein jamn lesar av bøker, rett nok helst bøker som er med i Klok-spalta. Årsaka er at du no jamleg hengjer på eit tilleggsspørsmål, og svaret på det må eg lese meg fram til. Og da har eg måtta lese vidare og fått oppleve den eine forvitnelege boka etter den andre. Denne gongen er det boka Guden for små ting eg har fått nyte, skriven av Arundhati Roy. Ho er fødd i Assam i India i 1961, det året jugoslaven Ivo Andric fekk Nobelprisen i litteratur. Så var det denne hagearkitekten, da. Ho heiter, eller blir kalla, Baby Kochamma (eller også Navomi Ipe). Og sant nok, denne Baby Kochamma tek eksamen i prydhagestell og får seg ein parsell som ho steller omhugsamt. Så lenge det varer, for ho får brått heilt andre interesser som fører til at ho snart blir ei plage for omgjevnadene sine. Ein intrigant, skriv du, ja, boklækjar. Likevel er dette i sum ei fengslande bok frå eit framandvore miljø.»
Toril Mesna skriv: «Den sat utruleg langt inne, denne gongen, denne vesle rørsla som eg kjenner når eg les noko eg trur eg har lese før. Dess større var jubelen da eg (med god søke-hjelp frå resten av husstanden) endeleg fann det ut: eg kjøpte jo denne til far min til jul! Og lånte ho etterpå, sjølvsagt. Romanen er Guden for små ting, av Arundhati Roy, yndlingsindaren min.»
Petter Kristensen skriv: «En sprelsk bok!»
John Olav Johnsen skriv: «Ein sensasjon av ein debutroman.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.