AusterlandTradisjonen tru lyt eg vel skrive ein rapport når eg no har vore på nok ei reise i fotefara til ein skrivande figur. Denne gongen var det Trier, fødebyen til Karl Marx, som fekk den tvilsame gleda av besøk frå boklækjaren. Verkeleg suspekt vart v

Publisert

Tradisjonen tru lyt eg vel skrive ein rapport når eg no har vore på nok ei reise i fotefara til ein skrivande figur. Denne gongen var det Trier, fødebyen til Karl Marx, som fekk den tvilsame gleda av besøk frå boklækjaren. Verkeleg suspekt vart vitjinga då eg fekk fylgje av ein duo frå Noreg der i Moseldalen. Det var ein forfattar og ein politisk rådgjevar som møtte opp for å sjå nærmare på markeringa av 200-årsjubileet for filosofen som skreiv Das Kapital. Forfattaren har eg nemnt tidlegare i spalta, og dei gløggaste av lesarane har nok rekna ut at rådgjevaren var med i tilfelle det skulle oppstå situasjonar der gode råd var dyre.

Eit døme på at det kan verte dyrt i utlandet, fekk me då ein gladlynt kusk med svart belte i overdrivingar påstod at turen kom på i overkant av 10.000 euro. Heldigvis var ikkje forfattaren i selskapet tapt bak ei vogn. Kontant svara han at det ikkje var noko problem, heiv fram ein femtimilliardardollarsetel frå Zimbabwe og spurde kusken om han kunne gje attende på han.

Det var forresten på same turen me fekk vete at innbyggarane i Trier berre seier Kalle når dei snakkar om Karl Marx. Viss ikkje det er eit kallenamn, så veit ikkje eg.

Så til Austerland og løysinga på oppgåve 1344. Odd Storsæter skriv: «Når det ikke er vester, må det være Auster. Vi skal fram til Paul Auster, født 3. februar 1947. Og hans bok fra 1989 heter Moon Palace både på engelsk og norsk. Det er navnet på en kinarestaurant. Den kvinnelige kjæresten er Kitty Wu, og hun redder hovedpersonen Marco Stanley Fogg fra å sulte i hjel. Navnet Marco Stanley Fogg gir referanser til Marco Polo, Henry Morton Stanley, som traff Dr. Livingstone inne i Kongo, og hovedperson Phileas Fogg i Jules Vernes Jorden rundt på 80 dager. Jeg ble først kjent med Paul Auster gjennom de spennende filmene Smoke og Blue in the Face. Men jeg har lest mer av hans koner enn av ham selv. Første kone er Lydia Davis, som har flotte korte fortellinger i The Collected Stories of Lydia Davis og som har lært seg norsk ved å oversette Dag Solstad! Kone nr. 2 er Siri Hustvedt, som er halvt norsk. På veg til Oslo for å hjelpe min lillebror med å flytte til Stockholm, og for å høre Paul Simons avskjedskonsert på søndag, blir det liten tid til å lese boka. Men er den anbefalt av en ekte boklækjar, skal det nok bli tid til det.»

Desse har ikkje dotte ned frå månen, men fann fram til rett svar på oppgåve 1344: Jon Grepstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Reidar Birkeland, Jorunn Øxnevad Lie, Inger Anne Hammervoll, Eli Hegna, Margrethe & Marit & Kim, Gunder Runde, Vidar Nupen, Ingvar Engen, Sverre Hetland, Petter Kristensen, Torleiv Kløve, Laurits Killingbergtrø, Asbjørg Apalset, Per Skjæveland, Sjur Joakim Fretheim, Pål Amdal, Gunnar Bæra, Rannveig Nordhagen, John Olav Johnsen, Truls Johan Horsberg Hoff, Jorunn Røyset, Sissel Gunnarshaug, Christopher Messelt, Lilly Anita Grimstad, Turid Tirevold, Odd Storsæter, Olav Holten, Ragnhild Eggen, Fritjof Lampe, Eva Sunde, Ståle Ritland, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Gunn Bull-Berg, Åsane bibliotek, Eirik Holten, Per Trygve Karstensen, Laura Killingbergtrø, Bjørn Gjermundsen, Tor Inge Myren, Olav Larsen, Folke Kjelleberg, Eli Winjum, Ingebjørg Sogge, Torleik Stegane og Tvillingene. Bokvinnar i dag er Bjørn Gjermundsen. Gratulerer!

Fleire innsendarar var skeptiske til hintet der me skulle fram til ordet auster om noko ein kan finne i ein båt. Trufaste Gunder Runde har undersøkt saka og skriv: «Eg måtte inn i Norsk Ordbok for å sjekke om ’auster’ var eit akseptert maritimt ord. Og det var det jammen, både i tyding ’ausekar’ og i tyding ’vatn som ligg att i båten’. Så dermed hadde altså boklækjarjubilanten sitt på det turre denne gongen også.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement