Artige rettarØyvind Haram er ein ivrig lesar som har vore på restaurant litt utanfor allfarveg og fått servert
Øyvind Haram er ein ivrig lesar som har vore på restaurant litt utanfor allfarveg og fått servert hveite. Ovnsbaka attpåtil.
Sidan det er krema fiskesaus til, vil nok den skarpaste lesaren hella til at dette kan vera noko som lever i havet. Hveita er ein liten rakkar i ansjosfamilien som lever på havbotnen i Norskerenna, ofte så djupt som 300–400 meter. Sjølve kjøtet er ikkje så vanleg å eta, men dei gongene Innsida har møtt på hveite, har det vore kjakane og brystpartiet som har vore delikatessa. Litt raud og litt svart over ryggen er hveita lett å kjenna att. Det breie, nesten firkanta brystpartiet er òg karakteristisk for hveita. Det er rikeleg med hveite. Arten er godt forvalta. Likevel er det sjeldan me ser hveita på restaurantmenyar.
Denne er frå Skjervøy. Takk for tipset.
Norske matskattar 11: graut – og ei orsaking
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.