Apropos blomEin dag eg besøkte Oslo-perla Tøyenbadet for å prøve å svømme*, såg eg noko oppmuntrande i dusjen, der eg – hald deg for auga – var naken, fordi eg oppfører meg og følger reglane før eg går i bassenget, der eg prøver å vere tolerant når eg svøm
Ein dag eg besøkte Oslo-perla Tøyenbadet for å prøve å svømme*, såg eg noko oppmuntrande i dusjen, der eg – hald deg for auga – var naken, fordi eg oppfører meg og følger reglane før eg går i bassenget, der eg prøver å vere tolerant når eg svømmer forbi folk som luktar så sterkt at det er tydeleg at dei ikkje har vaska seg på eit par veker. Uansett: Eg stod der, heilt naken, og kjende at nokon såg på meg, og det gjekk opp for meg at det var ein ung mann. Hjelp. Og då eg møtte blikket til vedkommande, såg eg at det var Marcus eller Martinus. Dobbelthjelp.
Det er dårleg gjort, Marcus eller Martinus, å snike seg inn i damegarderoben på Tøyenbadet, legge seg på ei hylle, gi seg ut for å vere eit handklede og glo på middelaldrande damer som dusjar fordi dei skal prøve å svømme.
*Eg skriv «prøve» fordi det er så mange andre som vil svømme, at ein stort sett blir liggande og pirke folk i beina, særleg i hurtigbana, der dei som trur dei svømmer fortare enn alle andre, svømmer. I dei andre banene svømmer dei som svømmer fortare enn folk i hurtigbana og dei som svømmer saktast av alle. Sånn sett besøker ein Tøyenbadet når ein er i det masochistiske hjørnet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.