Amerikabrev igjenMed dette velvalde sitatet frå min gamle helt, amerikanaren Marx, går eg med dødsforakt laus på ei ny Amerika-innside. Gudane veit kor mange slike det har blitt. Og no er det vel slik omtrent eit år sidan sist, og her har mangt forandra s
Med dette velvalde sitatet frå min gamle helt, amerikanaren Groucho Marx, går eg med dødsforakt laus på ei ny Amerika-innside. Gudane veit kor mange slike det har blitt. Og no er det vel slik omtrent eit år sidan sist, og her har mangt forandra seg, utan at vi skal komme nærmare inn på det, akkurat. Yr melder at temperaturen kjem til å veksle mellom 25 og 10 grader i løpet av den tida eg skal vere her, det blir både sol og regn, så det kjem til å bli eit evig mas med tanke på kva ein skal ha på deg frå dag til dag. Men det blir vel ei råd. Og apropos råd: Eg kan ikkje framheve sterkt nok fordelen med å reise saman med ei kvinne som treng rullestol på flyplassar! Då smett ein gjennom alle kontrollar som ein kvervelvind, og kan snarare få kasta seg ut i det hektiske bylivet. Og denne gongen skal eg iallfall sørgje for å kjøpe meg ei strikka Edgar Allan Poe-dokke!
Regn på Manhattan, New York
Her eg sit, kan eg sjå at det regner på nedre Manhattan, ja truleg i heile New York. Mange vil ganske sikkert meine at det er noko både romantisk og spesielt med aprilregn i New York, ein tenkjer kanskje litt dempa pianomusikk i ei loftsleilegheit, med litt Sinatra-aktig song til. Nyutsprotte lauv og nokre fargerike paraplyar med kjærastepar under. Men eg kan forsikre dykk at det er ganske vanleg regn. Folk blir våte og skundar seg heim eller inn på nærmaste kafé. Det luktar våte klede og våte hundar. Og ein innser at ein eigentleg har litt for dårleg fottøy for dette regnet. No har eg også skrive om det, og dermed vil det for alltid vere der som ei lita gnaging i sjela.
Sagen-tekst
I førre nummer av Dag og Tid skreiv eg nokre minneord om forfattaren Rolf Sagen, som døydde 6. april. Eg tenkte etterpå at eg også skulle hatt med ein liten tekst av Sagen, og den kjem her i staden. Den er henta frå romanen Kvengedal (1970), og eg seier takk til Øystein Vidnes for å ha henta den fram:
tradisjonen tilseier at turistane skal møtast med hornmusikk og salutt når skipet klappar til kaia. og vi vil freiste å halde på tradisjonen i så måte. cruisleiaren har ytra ynskje om bedriftsomsyningar. og det skulle vel la seg ordne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.