AlfredsonDen svenske revyartisten, skodespelaren, regissøren, forfattaren med meir, Hasse Alfredson, er ikkje lenger blant oss. Han var godt oppi åra, og, etter det han sa sjølv, lei av livet. Eller mett av dagar, for å gå til den bibelske terminologien so
Hellumbakken i Svelvik.
Den svenske revyartisten, skodespelaren, regissøren, forfattaren med meir, Hasse Alfredson, er ikkje lenger blant oss. Han var godt oppi åra, og, etter det han sa sjølv, lei av livet. Eller mett av dagar, for å gå til den bibelske terminologien som vi gjerne held oss til her på Innsida.
Eg har den tiltrua til lesarane mine at dei er slik nokolunde orientert om kva Alfredson har bidratt med i denne verdas kulturhistorie, for ein stor del saman med kompisen Tage Danielsson. Eg treng berre nemne filmane Att angöra en brygga, Äppelkriget, Picassos eventyr og den heilt annleis Den enfaldiga mördaren, gjennombrotet for Stellan Skarsgård. Til all lykke ligg svært mykje av Alfredsons bedrifter ute på nettet, så han skal ikkje bli gløymd med det aller første. Men det er trist å tenkje på at av alle dei som var med i filmen Att angöra en brygga, var Alfredson ei stund den siste gjenlevande. (Gösta Ekman gjekk ut av tida, som det heiter i dag, tidlegare i år.) Og no er det ingen att.
Men la meg til slutt få servere ein Alfredson-anekdote (servert via Terje Nordby i eit minneord i Klassekampen) som eg har tenkt å bruke for alt det er verdt: Alfredson var på ein pressekonferanse og fekk spørsmålet han hadde fått ein million – Trump ville sagt «billions and billions» – gonger før. «Kor får de alle ideane frå?» Alfredson vrei seg litt og såg først trøytt og lei seg ut. Men så lysna fjeset litt, og han svarte: «Från Tyskland.»
Den som berre hadde komme på det først!
Hoppbakkar før og no
Kor mange skihopparar kjenner du eigentleg? Eg veit at dette spørsmålet kanskje kom litt bardus på dei fleste av dykk, men det måtte stillast. (Og når eg først er i gang, kan eg innprente at det heiter å stille spørsmål og setje spørsmålsteikn.) Av internasjonalt kjende skihopparar har eg helst på éin: Ingolf Mork (1947–2012). Og eg har sett Bjørn Wirkola i levande live, men då hadde han avslutta hoppkarrieren og blitt fotballspelar for Rosenborg. Men den eg kjenner best, er nok alt i alt far min. Han var i si tid den mest lovande skihopparen frå Strømm (no Svelvik) kommune, og han var stadig vekk på førstesida i dei fleste av landets berekraftige aviser, saman med hopplegenda Birger Ruud, og gjerne omgitt av relativt lettkledde kvinner.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.