AdventDet er triveleg med advent. Det finst det ikkje to meiningar om her på lækjarkontoret. Me har det så hyggjeleg, Hamsun og eg, no når nissehuva er på plass. Litt småkjekling vert det sjølvsagt, men for det meste er det ein småløyen tone mellom oss. Ei
Det er triveleg med advent. Det finst det ikkje to meiningar om her på lækjarkontoret. Me har det så hyggjeleg, Hamsun og eg, no når nissehuva er på plass. Litt småkjekling vert det sjølvsagt, men for det meste er det ein småløyen tone mellom oss. Eitt døme er når eg her om dagen gjekk og prata med meg sjølv: Eg kom til å mumla noko om at no var alt berre fryd og gammen, då det kvakk frå gamlingen på veggen: «Det er jo ravgalt, det de går og sier, Medikus! Det heter ikke fryd og gammen.» Eg vart perpleks og bad Knut om å forklare korleis han meinte uttrykket var. I forkorta form var svaret: «Uttrykket stammer fra Æventyrland, fra viddenes folk, nord i landet. Og i sin korrekte form heter det: Fryd i gammen.» Eg vart tagal og skrelte meg ein klementin.
No er det ikkje berre hjå boklækjaren det er god stemning. Innsendarane denne gongen var òg jamt over i godt humør. Ingen klaga over at oppgåva var for vanskeleg. Eller for lett. Kan hende er Hallgeir Dale inne på noko når han skriv: «Advent er forresten den finaste av alle årstider.»
Mange innsendarar hadde lese løysingsboka, og hjå desse var det berre «fryd i gammen». Kari Ingebjørg Todal skriv: «Tenkte det straks ... at dette kunne vere Advent! Ei perle av ei bok. Vakker. Og dette sitatet kjennes som ei fin og nødvendig påminning. Det seier alt.»
Eva Smith-Meyer er òg begeistra: «Boka heiter Advent, og er skriven av Gunnar Gunnarson. Det er berre ei fantastisk bok, og når ein som norsk har fått Island under huda, følgjer ein leitaren både i tankane og i naturen. Det gjer ikkje gleda over boka mindre!»
Ingunn Hildonen Teigland: «Dette trur eg må vera Advent av Gunnar Gunnarsson. Eg les helst gode bøker som handlar om sauedrift, og denne stod på vent i bokhylla mi med voner om at eg fekk betre tid etter paringa. Hin dagen fall det seg slik at eg gav vekk eksemplaret til grannen min. Ho driv også med spælsau. Eg kan difor ikkje gå heilt god for at dette er rette svaret, men eg skulle likt å vita kva bok som passar betre til løysingshinta.»
Korrekt svar på oppgåve 1316 fekk eg frå: Skeisebibliotekaren i LASK, Tove Knutsen og Idar Lind, Laurits Killingbergtrø, John Olav Johnsen, Nils Ottesen, Gunn Bull-Berg, Ingebjørg Sogge, Bjørn Myrvang, Gunder Runde, Eli Hegna, Jon Grepstad, Else Bovim, Per Trygve Karstensen, Jorunn Røyset, Per Skjæveland, Sjur Joakim Fretheim, Hallgeir Dale, Kirsten Bakke, Eva Smith-Meyer, Audun Gjengedal, Arild Jakobsen, Eva Revheim, Jorunn Øxnevad Lie, Vigdis Hegna Myrvang, Cyno Grassator, Jan Alfred Sørensen, Sverre Bungum, Else Gjesdahl Sørensen, Aslak Thorsen, Jarle Fanebust, Eirik Holten, Tor Inge Myren, Ingunn Hildonen Teigland, Eva Sunde, Inger Anne Hammervoll, Kari Ingebjørg Todal, Folke Kjelleberg, Anne Marie Grønhaug, Olav Molven, Rannveig Nordhagen, Ottar Aashamar, Marianne Dahl, Petter Kristensen, Turid Tirevold, Inger Margrethe Berge, Inger Sandanger, Geir Instanes, Bjørn Gjermundsen, Fritjof Lampe, Jens Erik Romslo, Rolv Stølen og Tvillingene. I dag er Inger Sandanger bokvinnar. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.