2–9 MorrisonI dag byrjar eg med ei velgrunna undring frå Per Skjæveland. Han spør: «Eg trudde det var mot spelereglane å nytta digitale nettløysingar. Er det no blitt OK?» Svaret er at boklækjaren ikkje er begeistra for at de søkjer på sitatet eg gjev dykk
I dag byrjar eg med ei velgrunna undring frå Per Skjæveland. Han spør: «Eg trudde det var mot spelereglane å nytta digitale nettløysingar. Er det no blitt OK?» Svaret er at boklækjaren ikkje er begeistra for at de søkjer på sitatet eg gjev dykk. Når løysingsboka er meir enn omtrent to år gamal, er det like enkelt å nytta denne metoden til å finne svaret som det var i gamle kryssordhefte, der løysingane stod på dei siste sidene. Men: Om de gjennom grubling har kome fram til eit verk som de trur er løysinga, er det OK for meg at de sjekkar nett denne boka, for å finne ut om de har funne løysingsboka. Her finn de òg årsaka til at eg gjer oppgåvene litt vanskelegare når løysingsboka finst digitalt.
Ein som heilt sikkert ikkje driv med juks, er Gunder Runde. Han skriv: «Det er mange amerikanske forfattarar som har fått både Nobelprisen og Pulitzerprisen. Så dermed må vi ta i bruk eliminasjonsmetoden. Ernest Hemingway kan vi sjå bort frå med ein gong, dette er ikkje hans skrivestil. Og eg skal ta mykje feil dersom det kan vere William Faulkner. Av ein eller annan grunn synest eg dette sitatet peikar mot ein kvinneleg forfattar. Og sidan eg ikkje har noka bok av Pearl Buck i huset, prøver eg med Toni Morrison. Eg har fleire bøker av henne, og allereie på andre forsøk var det blinkskot. Dette er altså Elskede av Toni Morrison, utgitt i 1987 i USA, og omsett til norsk allereie året etter. Dette var ei bok som vart særs godt motteken då ho kom ut, og det var for denne boka Morrison fekk Pulitzerprisen. Nobelprisen kom nokre år seinare, i 1993. Toni Morrison er ikkje av dei lettast tilgjengelege forfattarane, historiene ho fortel, er ofte innfløkte og springande. Men til gjengjeld greier ho å gi eit overtydande bilete av det ho skildrar, i dette tilfelle er hovudvekta lagt på slavetida i USA rundt 1870. Hovudpersonen i Elskede er Sethe. Ho har to døtrer, Denver og Elskede, den siste døydde som liten, og boka skildrar korleis ho går igjen som spøkelse, inntil det dukkar opp ei tenåringsjente på trappa til bustaden deira, som Sethe trur er den døde dottera – då stoppar også spøkeriet. Bestemora (svigermor til Sethe) heiter eigentleg Jenny, men ’mannen’ hennar (Suggs) kallar henne for Baby, og dermed tek ho sjølv namnet ’Baby Suggs’. Elles: Sitatet som er gjengitt i Kpb stoppar akkurat før det vesentlege sisteordet i boka, nemleg Elskede.»
Rett svar på oppgåve 1313 fekk eg frå: Jon Grepstad, Laurits Killingbergtrø, Nils Ottesen, Skeisebibliotekaren i LASK, Inger Anne Hammervoll, Per Skjæveland, Gunder Runde, Nils Farstad, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Tor Inge Myren, Rannveig Nordhagen, Anne-Marie Grønhaug, Christopher Messelt, Torleiv Kløve, Birte Næsheim, Else Bovim, Olav Holten, Gunnar Bæra, Per Trygve Karstensen, John Olav Johnsen, Petter Kristensen, Amund Hesbøl, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Truls Johan Horsberg Hoff, Laura Killingbergtrø, Bjørn Gjermundsen, Audun Gjengedal, Eli Hegna, Marit Lindberg, Gunn Bull-Berg, Per Olav Skjevdal, Mona Fonnes, Folke Kjelleberg, Marta Kløve Juuhl, Turid Tirevold, Ingebjørg Sogge, Sjur Joakim Fretheim, Ståle Ritland, Inger Margrethe Berge, Jens Erik Romslo, Eiliv Olsen, Robert Øfsti, Fritjof Lampe, Rolv Stølen, Ove Bjørkhaug, Tove Knutsen og Idar Lind, Eva Sunde, Torleik Stegane og Oda Cornelia Knudsen. Krystallklar vinnar, etter trekning, er Torleik Stegane. Gratulerer!
Denne gongen saknar me ein merittert «trottoirist» på lista over dei med rett svar. Sjølvaste Olav Molven avstår frå å leite fram bestemora og skriv: «Dersom ho ikkje har same namnet som verket, får eg heller falle ut or lista. Slikt høyrer òg med! Hurra! Fy søren! Store lama!» Ikkje nokon stor, middels eller liten alpakka der i garden, altså. Eg vonar Molven kjem sterkt attende, vêrmeldingane frå Bjørgvin er noko boklækjaren set stor pris på.
Laurits Killingbergtrø hadde ikkje noko problem med å finne fram til bestemora. Han har til og med ein teori som han ikkje heilt vil stå inne for: «Bestemora vart vel kjend gjennom filmatiseringa av romanen i 1998. Ho blir kalla Baby Suggs. Eg vil ikkje påstå at forfattaren vart inspirert til namnet da ho høyrde Bobbysocks vann MGP to år før boka hennar kom ut!»
Klok på bok 1315
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.