Kaviar og fiskebollar

Hjå Ole Bull ventar ein det uventa.

Utsnitt frå måleriet «Livsfasane» (ca. 1835) av Caspar David Friedrich (1774–1840).
Utsnitt frå måleriet «Livsfasane» (ca. 1835) av Caspar David Friedrich (1774–1840).

CD

Ole Bull:

Stages of Life

Annar Follesø, fiolin; Wolfgang Plagge, klaver; Kringkastingsorkesteret; dir.: Eun Sun Kim. 2L 2020

Å setja seg ned med eit nytt Ole Bull-album er som å bli invitert til ein fleirrettars middag hjå ein eksentrisk herremann. Du veit aldri kva som blir servert eller i kva for rekkjefylgje einskildrettane kjem. Dessutan varierer det gastronomiske nivået på rettane: Russisk kaviar kan bli fylgd av Vesteraalens fiskeboller.

Stages of Life er eit slikt album. Under leiing av den koreanske dirigenten Eun Sun Kim spelar Kringkastingsorkesteret og den briljante fiolinisten Annar Follesø her fem gløymde Bull-verk som har det sams at dei er svært ueinsarta.

Livsfasar

Albumtittelen er henta frå målarstykket på framsida av CD-en, «Livsfasane» av den tyske romantikaren Caspar David Friedrich, som syner menneske og skip i kveldssol ved Austersjø-kysten. Menneska er i kvar sin periode i livet, noko seglskipa speglar att. Er det dei ulike livsfasane Bull var i då han laga stykka på plata, det her blir alludert til? Eller er det dei ulike fasane i «liva» til sjølve stykka? Som utprega improvisasjonsmusikar og utøvarkomponist endra han nemleg ofte komposisjonane sine frå gong til gong, alt etter framføringssituasjonen.

Det einaste me kan venta oss hjå Bull, er altså det uventa. Einskapen og utviklinga av dei kompositoriske ideane hans er annleis enn hjå store romantiske komponistar, til dømes den jamgamle R. Schumann. Bull hadde aldri hatt skikkeleg komposisjonsundervising, men røynsla som utøvar gjorde han god på det å byggja opp spenningar i musikken. Eit døme er Largo posato e Rondò capriccioso, som Bull spelte fyrste gong i Ständetheater i Praha, i operahuset der W.A. Mozart dryge seksti år føreåt hadde urframført sin Don Giovanni. Bull endra både verk og verknamn fleire gonger dei neste tiåra; i Christiania året etter heitte det Åndehilsen. Men på plata er det altså teke utgangspunkt i den opphavlege 1841-versjonen.

Tom og Jerry

Byrjinga er blytung, med sukkande motiv i treblåsarane over bankande d-moll-akkordar – ein ypparleg start på eit gravferdsstykke, altså. (Somme vil merka likskapen både med den dystre ouverturen til Mozarts nemnde opera og innleiinga til rekviemet hans, som begge også går i d-moll.) Men ingen veit kvar «Bullen» hoppar, for etter at solofiolinen har gripe opp sukkemotivet frå treblåsarane, bykser han fyrst over i eitt heseblesande Tom og Jerry-aktig parti, før han landar på noko cancanaktig, som kunne vore frå ein varietéscene i Paris.

Både solisten Follesø og orkesteret spelar med innleving og overskot på plata. Imponerande er også arbeidet pianisten og komponisten Wolfgang Plagge har gjort med å fullføra ufullstendige parti i partitura.