Film
Kan ikkje kjøpa kjærleik
Godt Beatles kom, slik at det ikkje vart Ed Sheeran som sette standarden for låtskriving.

Jack (Patel) jobbar deltid på ein supermarknad og prøver koma seg opp som musikar og låtskrivar. Besteveninna Ellie (James) er den hardtarbeidande, entusiastiske manageren hans, utan at det gjer så mykje for karrieren hans. Det må magiske samantreff til, og då han vaknar etter å ha vorte påkøyrd av bussen, er det i ei verd der songane til Beatles aldri har eksistert. Men han hugsar dei.
Koz
Det er eit godt påfunn: Kva om det var du som fekk sjansen til å rana til deg æra for songkatalogen til Lennon/McCartney? Jack er akkurat atypisk nok til å kunna prøva seg utan å sjå ut som ein løgnaktig kynikar. Han kjem frå ein asiatisk middelklassefamilie i Lowestoft, altså omtrent så erkebritisk som dronninga. Han framstår som sympatisk og sjarmerande og som yndlingskompisen til alle. Og her kjem romantikken inn: Er han eigentleg meir enn ein kompis i auga til Ellie?
Når det er manusforfattar-
veteran Richard Curtis som styrer, er det ikkje så nøye om slutten er overraskande – det viktigaste er varsam, gjenkjenneleg forelsking og høg kosefaktor frå start til slutt. Førre film han tasta, var Mamma Mia! Here We Go Again (2018), for å seia det slik. Regissør Danny Boyle har ein samansett CV, frå sjølvaste ruskekultfilmen Trainspotting (1996) til suppete suksessar som Slumdog Millionaire (2008).
Glattisen
Så premissane er klare, ideen er god og eit skyhøgt budsjett til musikk er brukt opp, kva blir då resultatet? Inderleg glatt, sjølvsagt! Det verste er eigentleg at dei har med britane sin eigen Kurt Nilssen, nemleg Ed Sheeran. Berre at han liksom «konkurrerer» med songane til Beatles, er så flautt at eg må lata att auga og øyra. Også framføringane av klassikarane er polerte og preglause, altså i samsvar med den gnegne stilen til Sheeran. Likevel, påminninga om kva meisterverk desse songane er, er effektfull.
Takk og lov for at det berre er ein film, og at det ikkje er desse versjonane me lyt nøya oss med! Då er det heller på ingen måte sikkert dei ville verta så store, eit interessant dilemma som sjølvsagt ikkje er teke med her.
Eg vil ikkje seia det er ein film utan underhaldningsverdi, men med tanke på alle krefter og pengar som er lagde ned i Yesterday, rører han fint lite ved hjarterøtene mine.