Julesongar i gamal tonebunad

CD

Ymse komponistar:

Jul i gammel tid

Rolf Lislevand, lutt og barokkgitar.
Kirkelig Kulturverksted 2005

Den norske luttspelaren Rolf Lislevands makelaust vakre juleplate frå 2005 er på sett og vis det motsette av CD-en over: Lislevand spelar julesongar i reint instrumentale arrangement, utan vokal.

Somme julesongar har me høyrt og sunge så ofte at me gløymer at dei stammar frå heilt andre tider enn vår, og frå heilt andre stadar. Til dømes «Kling no klokka», som eg har oppfatta som like norsk som stavkyrkjer og lafta stabbur. Teksten er sjølvsagt norsk, dikta av Elias Blix på slutten av 1800-talet. Men melodien er ein folkeleg variant frå Oppdal av ein barokk melodi frå Halle i Tyskland.

Det som gjer Lislevands album så spesielt, er at han spelar desse melodiane «våre» på måtar me ikkje har høyrt før, nemleg i si opphavlege form og på instrument frå den tida dei blei til i.