Musikk

Juleoratorium i mikroformat

CD

Johann Schelle:

Actus Musicus auf Weyh-Nachten

Kölner Akademie; dir.: Michael Alexander Willens. CPO 2017

På denne fine plata med Kölner Akademie får me verdas fyrste innspeling av Johann Schelles (1648–1701) Actus Musicus auf Weyh-Nachten (fritt omsett: Musikalsk julehistorie). I dette vesle juleoratoriet nyttar Schelle, som var ein av forgjengarane til Bach som kantor i Thomaskyrkja i Leipzig, både bibeltekst og salmetekst som grunnlag: Lukasevangeliet blir resitert av ein tenor, og som kommentarar til historia får me korkomposisjonar over Luther-julesalmen «Vom Himmel hoch, da komm ich her» – salmen som i Elias Blix’ omsetjing heiter «Frå høge himmel kjem eg ned». Spesielt vakre er dei små, reint instrumentale mellomspela, der pastorale blokkfløyter gjenskaper musikken frå Betlehemsmarkene. Men høyrer me nøye etter, merkar me at jamvel instrumentalstykka byggjer på salmemelodiar, mellom anna på «In dulci jubilo», som me i Bernt Støylens omsetjing kjenner som «Eg synger jolekvad».