Musikk
Jublande jesuittmusikk

Det tsjekkiske Collegium 1704 er utrøyttelege når det gjeld å gjera verka til landsmannen Jan Dismas Zelenka (1679–1745) kjende gjennom innspelingar. Denne gongen er det to store katolske kyrkjemusikkstykke me får, begge tileigna den heilage Frans Xavier, ein spansk jesuitt som misjonerte i Sør- og Aust-Asia på 1500-talet.
Komposisjonane er fabelaktige: Dei har ein melodisk lettskap som i italiensk opera, men òg grundige, naturlege akkordar som minner som tysk kyrkjemusikk. Koret og orkesteret presterer framifrå, men diverre kling ikkje solistane like bra som på dei andre platene med Collegium 1704. Den tsjekkiske sopranen Hana Blazíková er som alltid dugande. Men begge altane – og særleg tenoren – syng fleire plassar små feil (jamvel i repetisjonane). På konsert kan eg leva med slikt. Men eg har tenkt å lytta til denne CD-en mange gonger, og då irriterer det.