Musikk
Jona i kvalbuken
Giacomo Carissimi makta å overføra operaens dramatiske kraft til kyrkjemusikken.

Han er meir kjend for rolla han har spela i musikkhistoria enn for komposisjonane sine, den italienske komponisten og presten Giacomo Carissimi (1605–1674). Med det nye albumet sitt freistar ensemblet Weser-Renaissance frå Bremen under leiing av Manfred Cordes å bøta på dette: Dei presenterer fire verk som på 1600-talet var noko heilt nytt, og som danna skule for det som skulle bli den største av alle kyrkjemusikalske former i barokken, nemleg oratoriet.
Kyrkjeopera
Kva var det revolusjonerande med Carissimis tonespråk? Han makta å overføra den affekterte komposisjonsmåten frå den verdslege musikken til kyrkjemusikken – førebiletet hans var det dramatiske musikkspråket til operaen. Men medan librettoen (songteksten) i operaar handla om greske mytar og keisarsoger frå romartida, henta Carissimi tekststoffet sitt frå Det gamle testamentet, bibelske historier som jo ofte er minst like dramatiske og blodige. Tidlege oratorium som dette skil seg frå dei frå 1700-talet (til dømes Händels Messias) ved at dei berre varer i kring 20 minutt og at mesteparten av musikken er resitativ (talesong med enkelt akkompagnement), avveksla med stutte ariar og kor.
Daniel og Jona
Oratorio di Daniele Profeta er det lengste verket på plata, der Carissimi med fortetta musikk fortel historia om hebrearen Daniel som hamnar i eksil i Babylon og blir kasta til løvene.
Men stykket som grip meg mest, er Historia Ionare. Her får me høyra om hebrearen Jona (gresk Jonas) som har fått forkynningsoppdrag av Gud i dagens Irak, eit oppdrag han kvir seg for. Difor dreg han heller til hamnebyen Jaffa og legg til sjøs i stikk motsett lei av den han har fått ordre om, truleg mot Spania. Skipet hamnar i storm, og når Jona vedgår for mannskapen at det er Guds vreide som har råka han, kastar dei han over bord, noko som stilnar stormen. Jona blir slukt av ein stor fisk (eller kval), men etter å ha bede til Gud i tre dagar og tre netter, spyttar fisken han på land.
Fløyelsmjuk sopran
Carissimis komposisjon har mykje tekst. Difor gjer ein lurt i å fylgja omsetjinga av librettoen i omslagsheftet på CD-en. Gjer ein det, merkar ein kor fintfølande Carissimi toneset historia. Ariane illustrerer høgdepunkta i handlinga med vakre, ornamenterte «lydmåleri», medan kora, som etter mønster frå det antikke dramaet kommenterer hendinga frå utsida, er ukunstla og kraftfulle. Eit døme på Carissimis effektfulle lydmåleri høyrer me der fisken brekker seg og kastar Jona på land; her blir ordet «spyr» framført med kunstferdige melismar, altså tonerekkjer sungne på éi staving. Dette dramatiske klimakset kjem etter at Jona har presentert ein lang, rørande klage i fiskebuken, eit gripande parti som kunne vore henta frå operaane til Claudio Monteverdi.
Framføringa til Weser-Renaissance er framifrå. Spesielt imponert er eg over bassgruppa, som støtt akkompagnerer songarane med cembalo, orgel, gambe, harpe og lutt. Songsolistane er òg gode, om me ser bort frå den eine av kontratenorane (stemmefaget der menn syng i falsett), som kling i overkant nasalt. Best er tyske Monika Mauch, som har fløyelsmjuk, velartikulert og intonasjonsmessig perfekt sopranrøyst.