Musikk

Intimt for lutt

Franske Thomas Dunford spelar teorbe.
Franske Thomas Dunford spelar teorbe.

CD

Johann Sebastian Bach:

Luttmusikk

Thomas Dunford, teorbe. Alpha 2018

Ein teorbe er eit barokt luttinstrument med forlengd hals og ekstra basstrenger utanfor gripebrettet. På Johann Sebastian Bachs (1685–1750) tid var teorben eit viktig akkordinstrument i kammer- og orkestermusikkens basseksjon, men dei beste teorbespelarane briljerte òg som solistar. Det er i dette intime formatet franske Thomas Dunford her presenterer seg. Dei som kjenner Bachs solosuitar for cello og solopartitaane for fiolin, vil dra kjensel på repertoaret. Opphavleg er nemleg ingen av stykka på plata meinte for teorbe, men omskrivne for luttinstrument – g-mollsuiten, BWV 995, som fyrst blei laga for cello solo, er jamvel arrangert av Bach sjølv. Dunford har varm og fin klang. Spelemåten hans, særleg i dei rolege preludia, er meir rytmisk stringent enn det me kjenner hjå til dømes Noregs kjente norske luttspelar, Rolf Lislevand. Stivt kling det likevel ikkje.